Avlyser eksamen for 10. trinn og VGS
– Muntleg eksamen for vidaregåande er førebels ikkje tatt stilling til.
- Midtsiden startar utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her
Kunnskapsdepartementet fortel i dag at skriftleg og muntleg eksamen for 10. trinn utgår grunna koronaviruset og smitteverntiltak med stengde skular.
Skulane skal prioritera å setja avgangskarakter basert på standpunktkarakterane.
På vidaregåande skule er skriftleg eksamen avlyst.
Kunnskapsminister Guri Melby (V) seier det foreløpig ikkje er tatt stilling til muntleg eksamen for vidaregåande skule.
Kristin Schultz, påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, representerer elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring.
Ho seier til VG at organisasjonen er glad for at regjeringa ikkje ser seg blind på gjennomføring av eksamen, og at neste steg no er at elevane kjenner seg igjen i vitnemålet dei får.
– Samtidig saknar vi privatistane oppi alt dette. Dei er sårbare i denne situasjonen, sidan dei ikkje har standpunktkarakterar å lena seg på. Vi håper regjeringa finn ei løysing også for desse.