Lokal | 16. mars 2012

Avslappa og målbevisst

Fredagsportrettet: Richard Gåssand (19) er ein målbevisst gut som drøymer om å gje ut eiga plate.

Avslappa og målbevisst
Richard Myhre Gåssand. (Foto: Fredrik Rikstad/Susann Heggland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. mars 2012 09:37

Tekst og foto: Susann Heggland og Fredrik Rikstad, studentar på praksis hos Midtsiden.

Vi har blåse liv i den tidlegare faste spalta på Midtsiden.no, "fredagsportrettet", og tidlegare X-Factor-, UKM- og Havfest-deltakar Richard Myhre Gåssand er først ut.

1. Kva er din største draum?

- Min største draum er å bli ein kjent artist og å få stifta familie.

2. Når var sist nokon gjorde deg glad?

- I helga som var, då kjærasten min masserte meg.

3. Kva er du redd for?

- Det vil eg ikkje seia, det er for flaut. Eg har ein fobi som er heilt sjuk.

4. Korleis går det med kjærleiken?

- Den går suverent bra. Eg er i eit forhold.

5. Korleis ser ein vanlig kvardag ut for deg?

- Eg står tidleg opp og går på skule, så er det heim å recorde litt musikk. Eg har alltid litt lekser å gjera, etter det slappar eg av med ein tv-serie. Eg slappar mykje av.

6. Visst du hadde vunne ein million i lotto, kva hadde pengane gått til?

- Godt spørsmål, dette har eg tenkt på før. Eg hadde gjeve pengane til fattige born i Afrika. Vi har det så bra her i Noreg, og vi har ein tendens til å smørja det i ansiktet til dei som ikkje har det så bra. Dei treng meir pengar enn det eg gjer.

7. Kvar ser du deg sjølv om 10 år?

- Ferdig utdanna musikar, kanskje fått gjeve ut ei plate visst alt går etter planen. Kanskje har eg fått ein familie.

8. Kva er du sterk og svak i?

- Styrke: Bestemt og målbevisst. Musikk er kanskje min største styrke. Svak: Eg har kort lunte og eg er ein dårleg tapar.

9. Er du en mamma- eller pappagut?

- Eg er utan tvil ein mammagut.

10. Har du nokre nye songar på veg?

- Eg har to nye låtar som eg har skrive sj��lv, der melodien er på plass, men eg er ikkje heilt nøgd med teksten. Eg kjem også snart til å legga ut tre coverlåtar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.