Lokal | 20. juni 2019

Avslutta ungdomsskulen med å laga eit varig minne

To tiandeklassingar ved Os ungdomsskule avslutta i dag eit heilt spesielt oppdrag.

Avslutta ungdomsskulen med å laga eit varig minne
Ida Vaktskjold og Mattis Olai Bettum Moe undervegs i arbeidet med å pryda veggen på Os ungdomsskule. (Foto: Os ungdomsskule)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 20. juni 2019 19:11

Bildeserie:

Rektor ville ha ein brilleslange. (Foto: Os ungdomsskule)
Rektor ville ha ein brilleslange. (Foto: Os ungdomsskule)
Det vart meir enn det. (Foto: Os ungdomsskule)
Det vart meir enn det. (Foto: Os ungdomsskule)
Ida og Mattis jobba med kunstverket i to dagar. (Foto: Os ungdomsskule)
Ida og Mattis jobba med kunstverket i to dagar. (Foto: Os ungdomsskule)
God stemning undervegs. (Foto: Os ungdomsskule)
God stemning undervegs. (Foto: Os ungdomsskule)
Det ligg mykje detaljar i kunstverket om ser godt etter. (Foto: Os ungdomsskule)
Det ligg mykje detaljar i kunstverket om ser godt etter. (Foto: Os ungdomsskule)
1 av 5

Lærar ved Os ungdomsskule, Tonje Thorsnes Nybrot, fortel at ideen først kom frå rektor Kåre Lutro, men at det er fungerande rektor Sturle Lekven som har skubba den i mål.

– Kåre visste at Mattis Olai Bettum Moe var god på teikning, og han utfordra difor Mattis til å laga noko som kunne pryda ein av veggane her på skulen.

Mattis tok utfordringa, og med god hjelp frå Ida Vaktskjold vart kunstverket ferdig i dag - det på siste skuledagen.

Ville ha ein brilleslange - fekk ein litt skummel slange

Nybrot fortel at bestillinga frå rektor var ein brilleslange, men kunstnaren på si side ville laga ein skummel slange.

- Dei møttest ein stad på midten, og no har Os ungdomskule altså sin eigen halvskumle brilleslange på veggen.

Kunstverket kan du sjå om du går på baksida av skulen, altså mellom ungdomsskulen og barneskulen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.