Avsluttar med «Figaros bryllup»
Kammerscena på Oseana avsluttar sommaren med minioperaen «Figaros bryllup». – Besøkstala er omlag på same nivå som i fjor, seier Janne Mari Hjelle.
Kvar sundag gjennom heile sommaren har du kunne oppleva klassiske perler i Griegsamlinga på Oseana når Musica Nord har vitja huset med sine artistar for tredje sommaren på rad.
– Samarbeidet med Musica Nord har vore godt.
– Det er flinke, profesjonelle folk som har levert godt gjennomførte produksjonar, skryt kulturhusvert Janne Mari Hjelle.
Fin inngang til opera
Sommarens konsertserie avsluttast med minioperaen «Figaros bryllup».
– Det er ein konsertversjon på omlag ein time, men med kostymer og rekvisitter.
– Framsyninga er ein fin inngong til den spennande verda som opera rommar, fortel Hjelle.
"Figaros bryllup" er ein av Mozart sine mest kjende operaer, ein sprudlande komedie full av forviklingar og intriger.
I denne framsyninga møtar du to songarar og ein pianist med tilknyting til Den norske opera og ballett og Operahøgskolen som saman har utarbeida konseptet der operaen vert framført i miniformat.
– Men med den vakraste musikken og med dei flottaste kostyma, får du likevel ei fullverdig oppleving. Som i operaen, vert det sunge på norsk.
– Vi møter tenaren Figaro som skal gifta seg med kammerpiken Susanna. Ho er kvinna som mange andre menn også er interessert i, mellom dei sjølvaste Greven. Med komikk og lureri set Figaro og Susanna sin sjef Greven på plass, forklarar Hjelle med eit lurt smil.
Det er ein ung norske operatrio beståande av Mathilde Salmi Marjavara, sopran, Åse Mathiesen, piano og Jørgen Backer, baryton, som står for framføringa av Mozarts meisterverk.