Kultur | 27. nov. 2017

Avsluttar sesongen på Os

Riksteateret starta sesongen på Os. No avsluttar dei den med turnéavslutning på «Gjengangere».

Avsluttar sesongen på Os
Lasse Lindtner gler seg til å spele praktisk talt på heimebane (pressefoto)
Andris Hamremandag 27. nov. 2017 14:52

I september starta Riksteateret sesongen med turnépermiere på Frode Grytten sitt stykke «Alberg og Anna» med mellomanna skodespelarveteranane Sverre Bentzen og Kari Simonsen.

Tysdag avslutter Riksteateret sesongen med ein anna veteran når bergenseren Lasse Lindner som ein av skodespelarane i Henrik Ibsen sitt stykke «Gjengangere» kjem til Oseana.

– Eg ser fram til å spele på Oseana. Du veit, det blir nesten som å koma heim for meg. Vi har spelt «Gjengangere» med Riksteateret for eit stort publikum over heile landet denne hausten. På kvar stad møter eg folk som seier at dei kjenner seg att i menneskja dei ser på scenen. Eg trur at vi alle har tatt val som vi angrar på, og som vi gjerne skulle ha gjort om igjen, seier Lindtner.

Kritikerrost framsyning

«Gjengangere» ble skrevet av Henrik Ibsen i 1881. Måten det tok for seg utroskap, kjønnsjukdommar og dobbeltmoral i det borgelege ekteskap gjorde det til eit av Ibsen mest kontroversielle verk. Bokhandlarar sendte bøkene tilbake fordi dei ikkje ville ha dei framme i butikkene. Ingen teatre i Norden ville setta opp stykket. Først etter eit år fekk Gjengangere verdspremiere i Aurora Turner Hall i Chicago, kor det blei satt opp på norsk for skandinaviske innvandrarar.

Framsyninga Riksteateret kjem med til Oseana har hausta strålande kritikker på sin veg rundt landet.

– Det kunne vore meg. Det kunne vore deg. Gå og sjå! oppmodar NRK.

– Ein svært klar versjon av Ibsen sitt stykke, skriv Dagbladet.

– Regissør Bentein Baardson stoler på at Ibsen si forteljing har kraft i seg sjølv til framleis å røre ved oss. Og det gjer den, seier Dagsavisen som gjev stykket terningkast 5.

Gjertrud Jynge speler Fru Alving, Gunnar Eiriksson sønnen Osvald. I rolla som Pastor Manders møter du Lasse Lindtner. Med er òg Per Egil Aske som Snekker Engstand og Madalena Sousa Helly-Hansen som Regine.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.