Kultur | 17. aug. 2009

Avstemminga avslutta

Klokka 12 i dag blei avstemminga avslutta, og oselvaren kan endeleg smykka seg med tittelen Noregs nasjonalbåt.

Avstemminga avslutta
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 17. aug. 2009 13:02

- Vi gratulerer vinnaren frå Os og er glad for det store engasjementet denne kåringa klarte å skapa langs heile kysten, seier Ernst Larsen frå leiinga i Redningsselskapet.

- Dette blei ein solid siger for oselvaren, kystkulturen og dugnadsanda i Os, jublar ordførar Terje Søviknes.

- Her har vore mobilisert frå fleire hald, både Oselvarlaget, Oselvarverkstaden, private, næringsliv og kommune. Alle fortener ein stor takk i dag!

- Takk fortener også eldsjelene rundt åfjordbåten som lenge var oselvaren sin argaste konkurrent. I fellesskap har vi alle fått fokus på bårbyggjartradisjonane og kystkulturen gjennom desse vekene, oppsummerar Søviknes.

- For Os kommune betyr også kåringa at vi kan halda fram merkevarebygginga av Os innanfor Os inspirerer-prosjektet med eit ekstra kort i ermet: Oselvaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.