NÆRINGSNYTT: Avtalar på plass – og avtalar som må på plass
NÆRINGSNYTT VEKE 11: I Øyane har grunneigarlaget fått grønt lys til å teikne leigeavtale med Coop, industribedrifta Johs Sælen & Sønn har vunne sin største kontrakt nokosinne, og i kommunen startar diskusjonen om kvar biblioteket skal halda til når dagens leigeavtale går ut.


Velkomen til nyheitsbrevet Næringsnytt – ei litt annleis oppdatering enn ein vanleg artikkel.
Kvar veke deler eg, journalist Marie Kroka, utvald næringslivsstoff med deg.
Om du vil sikre deg innblikket levert til eigen innboks, kan du opprette gratis abonnement på nyheitsbrevet her.
Avtalar kan vere avgjerande for utvikling.
Sa ja til Coop-avtale
På ekstraordinært årsmøte i Øinæs grunneigarlag måndag kveld fekk styret samrøystes ja til å inngå leigeavtale med Coop.
Planen er å opne ein søndagsopen Coop Prix-butikk på Vedholmen, med mål om opning i slutten av mai.
– Vi gler oss til å opne butikk på Vedholmen og er svært imponert over den dugnadsinnsatsen som blir lagd ned for å få dette til, seier administrerande direktør i Coop Hordaland, Lise Skarpås.
Årsmøtet gav også styret fullmakt til å ta opp lån på opptil tre millionar kroner til restaurering av butikkbygget og investering i ny marina. Totalt er prosjektet estimert til rundt 9,9 millionar kroner.
Rekordavtale for lokal industribedrift
Samtidig har industribedrifta Johs Sælen & Sønn sikra seg ein avtale som kan gi arbeid i fleire år framover.
Selskapet har vunne rammeavtale med Vestland fylkeskommune om produksjon og levering av mellom anna busskur og stålkonstruksjonar til kollektivløysingar.
– Dette er vår første rammeavtale med det offentlege, ein milepåle for firmaet, seier dagleg leiar Tore Sælen.
Avtalen gjeld i fire år, med opsjon på ytterlegare to pluss to år. Det første oppdraget kan bli bygging av ny kollektivterminal i Olsvik.
Må finne ny avtale for biblioteket
Mens nokre avtalar kjem på plass, må andre forhandlast fram på nytt.
Bjørnafjorden kommune vedtok i 2024 å redusere driftskostnader på biblioteket frå 2027, same året som leigeavtalen for hovudbiblioteket i Os Næringspark går ut.
Det gir kommunen mogelegheit til å vurdere fleire alternative løysingar for framtida til biblioteket.
Eitt av alternativa er å halde fram i Os Næringspark med mindre areal. Eit anna er å finne nye lokale i sentrum.
– Dette er først og fremst ein økonomisak, og det er viktig at vi ser på biblioteket på lik linje med alle andre tenester, seier kommunedirektør for samfunnsutvikling, Eystein Venneslan.
Merkar uro i drivstoffmarknaden
Også på drivstoffmarknaden blir utviklinga påverka av både nasjonale forskrifter og forhold langt utanfor kommunen sine grenser.
Den siste veka har uro rundt oljetransport gjennom Hormuzstredet ført til kraftig auke i råoljeprisen, noko som raskt slår inn på pumpeprisane.
Hos dei billigaste stasjonane nær Os sentrum har prisen vore oppe i rundt 22,99 kroner per liter.
– Prisauken er 1 til 1 auken i råoljeprisen, seier dagleg leiar i Oljeleverandøren AS, Thomas Alvheim.
Samtidig meiner NAF (Norges Automobil Forbund) at staten må vere klar til å kutte avgifter dersom drivstoffprisane blir verande høge over tid.
Midtsiden vil halde fram med å følge utviklinga i både næringsliv og politikk – og korleis avgjerder og avtalar kan forme lokalsamfunnet vidare.
På gjenles neste veke!
Beste helsing
Marie Kroka
Journalist










