Kultur | 28. aug. 2016

B-Gjengen køyrde stil - og stal 2. plassen

Gjengen frå Vartun stilte uniformert, med limo, fekk fangedrakt på ordføraren og tok seg til finale.

I paraden stilte dei med limousin, i andre heat fekk dei med seg ordføraren, i fangedrakt han òg. (Foto: KVB/privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. aug. 2016 08:25

Bildeserie:

Energi Treningssenter vann i år igjen. (Privat foto)
Dragebåtfestivalen hadde stort publikum. (Foto: KVB)
Den tverrpolitiske båten blei slått av Liverbirds i første heat. (Foto: KVB)
Os Dykkarklubb hjelpte til med tryggleiken. (Foto: KVB)
Også rundt startområdet var det mykje folk. (Foto: KVB)
Energi Treningssenter vann i år igjen. (Privat foto)
Dragebåtfestivalen hadde stort publikum. (Foto: KVB)
1 av 5
Dragebåtfestivalen hadde stort publikum. (Foto: KVB)
Den tverrpolitiske båten blei slått av Liverbirds i første heat. (Foto: KVB)
Os Dykkarklubb hjelpte til med tryggleiken. (Foto: KVB)
Også rundt startområdet var det mykje folk. (Foto: KVB)
Energi Treningssenter vann i år igjen. (Privat foto)

– Vi hadde ein strålande dag med fint vêr og eit fantastisk publikum, seier Tore André Sagstad frå utestaden og medarrangøren Solsiden.

Det låg i utgangspunktet ut til å bli minst like mange som i fjor, då 11 lag deltok. Arrangørane kom i vår raskt opp i 6 påmeldte båtar, i sommar var 10 klare, men så var det nokre som måtte trekka seg.

– Heldigvis fekk vi inn eit par debutantar før start, seier Sagstad.

Les òg: B-Gjengen ror dragebåt

Sjå stor bildeserie frå paraden og første heat.

Tittelforsvararane vann

Dei ni laga padla mot kvarandre i innleiande rundar.

Før semifinale blei det, som i fjor, trekt ut eit lag blant dei som tapte første heat til nytt forsøk.

I fjor var dette laget frå Energi Treningssenter, som til slutt vann. Tittelforsvarane stilte i toppform også i år, vann første heat og tok ein fin siger også i finalen.

B-Gjengen til finale med Søviknes som leigesoldat

Etter innleiande heat, det B-Gjengen tapte for Magnorvinduet, blei debutantane trekte ut som «lucky looser» og fekk dermed ein ny sjanse til å ta seg vidare.

– Til andre heat fekk dei med seg ordførar Terje Søviknes, som var slått ut med det tverrpolitiske laget i første heat. Med hummarfiskaren frå Lysefjorden om bord klarte B-Gjengen å slå Four Phase og tok seg til finalen.

I finalen møtte dei to andre båtar, tittelforsvararane og motstandarane frå første heat, Magnorvinduet.

Mens det i fjor var fleire båtar som velta skjedde dette berre éin gong i går. Magnor gjekk rundt i finalen og måtte nøya seg med 3. plass, B-Gjengen padla inn til 2. plass.

– Det var veldig kjekt at desse som meldte seg på på tampen fekk ein så god dag, seier Sagstad, som i 18-tida på kvelden fekk mange av deltakarane ned igjen i Hamnevegen og sportsbaren for Brann-kamp og festelege samtalar om dagens bataljar i Os hamn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.