Lokal | 11. nov. 2020

Ba 7-åringar senda nakenbilde

15-åring frå Karmøy i avhøyr etter kommunikasjon via dataspel og mobil.

Ba 7-åringar senda nakenbilde
Då det byrja å koma meldingar etter at jentene hadde lagt seg, oppdaga faren denne dialogen.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. nov. 2020 08:56

Den yngste av dei to døtrene hadde overnattingsbesøk. Då dei la seg tok foreldra, som vanleg, mobiltelefonane opp på kjøkkenet. Så kom det nokre meldingar foreldra reagerte på.

– Avsendar ba jentene om å senda bilde mens dei dusja, mens dei var i badekaret og mens dei sto i spagat. Dei måtte visa «heile seg», så skulle dei få ei gåve.

Faren blei rysta. Dei første meldingane som blei oppdaga kom på gjesten sin telefon, så han ringte foreldrene til dottera si venninne for å høyra om dei visste kven som eig telefonnummeret meldingane kom frå.

Ringte avsendar og foreldra

Nummeret var ukjent for foreldra til venninna. Det var heller ikkje i telefonkatalogar på nett, men via nettsøk fann dei ut kven det var. Ein 15-åring frå Karmøy.

Dei to fedrene bestemte seg for å ringa på gruppesamtale.

– Han forklarte at han trudde jentene var eldre enn dei var. Men vi ser i chat på dataspel frå tidlegare på kvelden at dei har gitt frå seg rett alder.

Meir grundig gjennomgang av chatten viser òg at guten skal ha utgitt seg for å vera 10 og 12 år.

– Han sa namnet sitt til oss, men gav oss feil etternamn, så då vi skulle snakka med foreldra hans ringte vi først feil.

Dei fekk etterkvart tak i det som skal vera mora til mistenkte. Foreldra har òg meldt forholdet til politiet.

Uvisst kva som er sendt og mottatt

Foreldra til dei tre involverte jentene har brukt mykje tid på samtalar med døtrene, og på å gå gjennom dialogen dei har hatt med guten.

Mistenkte lokka med gåver om jentene gjorde som han ba om. Gåvene er truleg digitale, knytt til eit dataspel. I meldingane ber han jentene filma seg sjølv mens dei dusjar, badar, står på henda og kysser oppetter ein vegg.

Jentene har vore ganske opne i samtalar, men foreldra føler seg ikkje heilt sikre på kva som er sendt.

– Vi ser at det er sendt eit bilde der éi av jentene kysser ein vegg.

– I tillegg har det har vore nokre samtalar på FaceTime, den lengste på 35 minutt, mens jentene var på badet.

Delar av den lange dialogen guten har hatt med jentene.
Delar av den lange dialogen guten har hatt med jentene.

Tatt inn til avhøyr

Episoden skjedde ein laurdagskveld i oktober. Bjørnafjorden lensmannskontor sendte saka vidare til Karmøy. Av omsyn til etterforskinga ville politiet i starten ikkje kommentera saka.

– Karmøy lensmannskontor har mottatt denne saka, og den er no under etterforsking, sa Frode Klausen til Midtsiden for ei veke sidan.

No gir han noko meir informasjon.

– Vi hadde ein mistenkt gut inne til avhøyr før helga. Det er òg tatt beslag, seier Klausen.

Han vil ikkje kommentera kva guten forklarte, kvifor det har tatt så lang tid, eller kva politiet har tatt beslag i.

– Vi ser med alvor på saka, og det er fleire omsyn å ta. Både fornærma og mistenkte er mindreårig.

Bjørnafjorden lensmannskontor skal gå gjennom telefonen til jentene, men telefonane er foreløpig ikkje tatt inn.

– Følg med på ungane sine dataspel!

Dialogen skal ha starta på dataspelet Momio, eit spel med aldersgrense 3 år, men som fungerer som sosialt medium og har éin-til-éin-chat. Dei skal òg ha vore på Roblox.

Vidare skal dei ha utveksla Snapchat og telefonnummer.

– Når du som 15-åring ber 7 år gamle jenter om å senda nakenbilde, så må du stoppast. Eg håper guten får hjelp, og at han ikkje held fram i same spor. Då kan han ramma mange.

– Vi vil òg åtvara andre foreldre. Det held kanskje ikkje å bla gjennom sms og messenger, eller å tru at ungane er for små til å vera utsette. Du må følgja nøye med på fleire plattformer, og ha tett dialog, om du skal halda ungane dine trygge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.