Fotball | 13. aug. 2019

BA: Brann vurderer å henta han heim

Vegard Leikvoll Moberg kan bli Brann-spelar til vinteren, hevdar Bergensavisen.

BA: Brann vurderer å henta han heim
Vegard Leikvoll Moberg, her som Åsane-spelar i 2016. (Arkivfoto: Wim Hetland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. aug. 2019 19:01

Vegard Leikvoll Moberg, som er i sin tredje sesong i Bodø/Glimt, har slite med skade i år, men likevel fått 12 kampar.

I fjor blei det 26 kampar, i opprykkssesongen 2017 heile 30.

• Les òg: Hattrick av Leikvoll Moberg (mars 2019)

«De siste årene har Brann jobbet hardt for å sikre seg noen av de i utgangspunktet beste «gratisspillerne» i Norge, spillere som har gått kontrakten ut i en annen klubb og kan komme til Stadion uten overgangssum» skriv BA.no.

Dei skriv vidare at rapportar frå Aspmyra tyder på at «Leik» ikkje vil forlenga med Bodø.

Interesse frå inn- og utland

Sjølv vil han ikkje kommentera ryktene, men agenten Daniel Steinfeld seier det har vore interesse for Vegard frå både Noreg og utlandet.

Sportssjef i Brann, Rune Soltvedt, vil ikkje seia om han har osingen i kikkerten. BA meiner at Vegard bør passa godt som Brann-spelar:

«Spilleren er en type som Brann-trener Lars Arne Nilsen har sansen for. Moberg er kjent for sitt trykk inne i boksen, både offensivt og defensivt. Han er en spiller som har en del av de samme kvalitetene som Kristoffer Barmen har».

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.