Lokal | 29. mai 2018

Badegjestar klager på båtfolk

– Vi har tipsa politibåten om å sjekka Ervikane.

Badegjestar klager på båtfolk
Badegjestar er uroa for båtar i høg fart i og rundt Ervikane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 29. mai 2018 07:52

Måndag fekk politiet melding om fleire tilfelle av uforsiktig båtkøyring i og rundt Ervikane.

– Meldinga gjekk ut på at fleire båtar køyrer nær badande, både småbåtar og noko større daycruiserar. Fleire av dei skal ha halde høg fart og drive å leika seg, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Os lensmannskontor har tipsa mannskapen på politibåten «Kjølen» om åtferda.

Kva er fartsgrensa?

Kommunane i Noreg kan setja eigne lokale forskrifter som seier noko om fart.

Os kommune har berre fartsgrense tre stadar; I Os hamn, i Vargavågen og frå Halhjem via Hauglandssjøen nesten til Lepsøy.

Likevel er det ein generell regel som gjeld, «Fartsbegrensning ved passering av badende og ferdselsforbud mv. innenfor oppmerkede badeområder»:

Fartøy som passerer innenfor en avstand av 50 meter fra steder hvor bading pågår, skal ikke gå med større fart enn 5 knop.

Det er også, uavhengig av fartsgrense, alltid båtførar sitt ansvar om det skjer ei ulykke.

Her gjeld generell «aktsomhetsnorm»:

Fartøy skal utvise forsiktighet og avpasse farten etter fartøyets størrelse, konstruksjon, manøvreringsevne og farvannsforholdene, slik at det ved bølgeslag eller på annen måte ikke oppstår skade eller fare for skade på personer, herunder badende, andre fartøy, farvannets strandlinjer, kaier, akvakulturanlegg eller omgivelsene for øvrig.

Kjelde: Kystverket.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.