Lokal | 09. juni 2018

Bahus valt til leiar for Vestland Frp

Sogn og Fjordane blei i dag fusjonert inn i Hordaland Frp. Gustav Bahus frå Os er leiar.

Bahus valt til leiar for Vestland Frp
Styret i Vestland Frp, som blei oppretta i dag. Les namn under ingress. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 09. juni 2018 17:58

På bildet er det nye styret, bak frå venstre: Sigbjørn Framnes (Stord), Alf Terje Mortensen (Osterøy), Arnt Erik Gangås (Askøy) og Rune Teikari (Etne). Framme: Lars Svein Drabløs (avtroppa leiar av S&F Frp), Gustav Bahus (Os), Christer Thomsen (Bergen), Roald Steinseide (Askøy), Dag Erik Hagesæter (Alver), Frank Willy Djuvik (S&F), Rita Navaseter (S&F), Britt Dalsvik (S&F) og Hogne Bleie (S&F).

I dag har Hordaland Frp og Sogn og Fjordane Frp hatt ekstraordinært årsmøte og gått saman i Vestland Frp.

Då Hordaland Frp har eigedom blei det, av tekniske årsaker, ikkje lagt ned, men døypt om - for så å fusjunera inn eit nyleg nedlagt Sogn og Fjordane Frp.

– Fylkeslaga hadde møter kvar for seg før vi gjekk saman i Vestland Frp. Med meg som nestleiar i styret får eg Lars Svein Drabløs, som var leiar i Sogn og Fjordane fram til det i dag blei lagt ned, fortel Gustav Bahus.

Kontinuitet

Bahus har vore leiar i Hordaland Frp i cirka ti år, og stilte til val då Vestland Frp i dag blei oppretta.

– Om eg skal gje meg med fylkespolitikk så er ikkje dette den rette tida. Eg stilte til val, er leiar dei neste to åra, og ser fram til å bli betre kjent med dei som frå 1. januar 2020 er i same fylke som oss.

– Nokre av oss har jobba litt saman før òg, seier Gustav, på tampen av møtet, som fann stad på Sandsli.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.