Det norske G18-landslaget som vann første EM-kvalik. Kolskogen bak ved sidan av keeper. (Foto: Øyvind Evjen, NFF)

Banens beste i første EM-kvalik

Tsjekkia: Kolskogen fekk kampvimpelen etter sigeren over Aserbajdsjan.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Noreg G18 er i gang med EM-kvalifiseringa. Noreg er i pulje med Aserbajdsjan, San Marino og Tsjekkia, og speler gruppespel i Tsjekkia.

I dag møter dei San Marino, onsdag slo dei Aserbajdsjan 1-0. Skåringa kom då Elnur Ibragimov sette ballen i eige bur på innlegg av norske Leo Cornic.

Utover i kampen var Noreg nærmare 2-0 og 3-0 enn Aserbajdsjan var utlikning.

– Eg er veldig nøgd med det solide forsvarsspelet og den vaksne måten vi opptrer på i slutten av kampen, seier landslagstrenar Pål Arne «Paco» Johansen til fotball.no.

Kolskogen fekk vimpelen

Åsane-spelar Ole Martin Lekven Kolskogen frå Os spelte frå start og heile kampen.

Han blei som beste nordmann tildelt kampvimpelen av landslagsleiinga etter sigeren. Det er tredje gong Kolskogen får vimpelen.

Den talentfulle osingen mista samlinga i sommar grunna eksamen, men var med på treningskampar i Danmark i september. Han spelte begge frå start, Noreg tapte 2-4 for Sverige og slo Wales 4-2.

52 nasjonar deltar

Noreg møter San Marino i dag og vertsnasjonen for kvalifiseringa, Tsjekkia, på tysdag.

52 nasjonar deltar i EM-kvalifiseringa. Desse er delte i 13 grupper, kvar gruppe med 4 lag.

Dei to beste i kvar gruppe, i tillegg til den beste tredjeplassen, kvalifiserer seg til eliterunden. Der blir det sju grupper, der den beste i kvar gruppe kvalifiserer seg til EM i Nord-Irland i 2020.

Her er Noregs tropp:
Rasmus Sandberg - Rosenborg
Oliver Petersen - Molde
Leo Cornic - Bærum   
Eivind Helgesen - Sogndal
Sturla Ottesen - Kjelsås
Ole Martin Kolskogen - Åsane
Bjørn Mæland - Odd
Josef Baccay - Lillestrøm
Fredrik Oppegård - PSV Eindoven
Kristoffer Askildsen - Stabæk
Sivert Mannsverk - Sogndal   
Joshua Kitolano - Odd
Mathias Kjølø - PSV Eindoven
Thomas Rekdal - Mainz 05
Edvard Tagseth - Rosenborg
Einar Iversen - Everton
Emil K. Ceide - Rosenborg
Kornelius Normann Hansen - Southampton
Noah Holm - RB Leipzig
Mustapha Fofana - Strømsgodset

Fleire saker