Sport | 01. feb. 2021

Banerekord og betra form før VM

Tok 1. plass på lagtempo og 5. plass på 1.500-meteren.

Banerekord og betra form før VM
Sverre kan no konsentrera seg om å spissa formen inn mot VM. Her i Inzell i 2019. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. feb. 2021 14:13

– Det er ikkje ideelt, men naudsynt, sa Sverre til Midtsiden om det å skifta stål på skøytene midt i den korte, intense sesongen.

Etter bronse i EM allround og svake resultat i første av årets to verdscupløp, var det teikn på at skøyteesset frå Os har stått litt for lenge på same stål.

I helga gjekk det betre.

– Dårleg stål var nok hovudproblemet, men dette har nok påverka teknikken min i negativ retning, så no blir det finpuss inn mot VM, seier Sverre til Midtsiden.

– Dette eg sleit med i hoftene er òg vekke, så no ser det bra ut.

Banerekord i lagtempo

Fredag blei det 1. plass og ny banerekord (3:39.080) i Heerenveen på Noreg, som stilte med Pedersen, Johansson og Engebråten i lagtempo.

Noreg vann framfor Canada og Russland. Nederland landa på 4. plass.

– Kor mykje betyr den nye strategien, med ikkje å skifta plass?

– Første gong vi såg det var då tre ukjente løparar frå USA slo oss i VM i Salt Lake City. No har vi gått få løp, men blir raskare for kvar gong, så det passar oss godt.

Foreløpig er det ingen andre som har tatt etter, men det kan koma i VM.

Betra tid og berga plass

I førre verdscuprunde fekk Sverre desse resultata:

  • 1500 meter: 9. plass med tida 1:45.912
  • 5000 meter: 7. plass med tida 6:19.570 (divisjon B)

I helga gjekk andre og sesongens siste verdscup. Dette er Sverre sine resultat:

  • 1500 meter: 5. plass med tida 1:45.096
  • 5000 meter: 1. plass med tida 6:15.423 (divisjon B)

– Eg er nøgd med å betra tida mi på 1500 meter med nesten eit sekund, der var eg berre to tidelar frå pallplass.

– 6.19 på 5000 i første verdscup var i grenseland til kvalifisering til VM, så eg er glad eg skjerpa tida kraftig der òg.

Topp 5 på 1500 meter:

  1. Thomas Krol 1:43.428
  2. Kjeld Nuis 1:44.222
  3. Patrick Roest 1:44.758
  4. Hallgeir Engebråten 1:45.057
  5. Sverre Lunde Pedersen 1:45.096

Dei norske landslagsutøverane har fri i dag og ei roleg økt i morgon. VM startar om knappe to veker.

– Kva bruker du tida på utanom treninga, når du no lever i skøytebobla?

– Vi sit lenge og pratar etter måltida, elles blir det litt bordtennis og ein del skjermtid, både på Facetime med dei heime, litt seriar og så speler eg Fotball Manager.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.