Bank i butikk blir avvikla torsdag

... men Post i butikk blir oppretthalde som tilbod i fleire butikkar i Os.

DNB sin bankavtale med Norgesgruppen går ut 1. juni, men Post i butikk byr på dei same tenestene - i andre butikkar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. mai 2017 11:51

DNB avviklar bank i butikk-tilbodet då bankavtalen med Norgesgruppen opphører 1. juni. DNB har hatt bank i butikk-teneste hos Meny, Spar og Kiwi i Os.

– Men vi opprettheld Post i butikk, som er den mest kjente og brukte butikk-tilbodet, seier banksjef May Sissel Syslak i DNB til Midtsiden.

Post i butikk gir moglegheit for innskot, uttak, saldo og inn- og utbetaling av giro.

– Vi har Post i butikk i dei same byane og tettstadane som bank i butikk. I Os har vi Post i butikk hos Coop Prix, Plantasjen, Joker Søfteland, Bunnpris Vedholmen og Nærbutikken Buena, fortel Syslak.

Innskot og større uttak

– Med Post i butikk vil vi framleis ha det beste tilbodet i marknaden av kontantar og manuelle tenester gjennom, på landsbasis, rundt 20 postkontor, 1300 post i butikk og over 200 minibankar eller innskotsautomatar, seier Syslak.

– Hovudforskjellen no er at kundane må oppsøka butikkar med post i butikk for å få gjort store uttakt eller innskot. Vi meiner vi framleis har god dekning på banktenestene i forhold til behovet.

• Les òg: DNB legg ned filialen på Os (april 2016)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.