Lokal | 08. juni 2016

Barnevogn blei slengt ut i rundkøyring

150 meter med vaier hang laus bak ein lastebil og tok tak i vogna. Ei rådsnar mor redda babyen ut i same sekund.

Barnevogn blei slengt ut i rundkøyring
Politi, legevakt og ambulanse rykte ut då det kom melding om påkøyrd barnevogn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. juni 2016 12:18

I 13.20-tida kom det melding om at nokon hadde køyrd på ei barnevogn i Industrivegen, nær rundkøyringa på E39 Byvegen.

– Det viste seg at mora, som gjekk og trilla vogna, hadde fått babyen ut av vogna i same sekund som ein vaier hekta seg fast i den, fortel politiførstebetjent Kenneth Rastad.

Både ambulanse og legevakt rykte òg ut til staden.

Babyen blei sjekka av helsepersonell på staden og kom uskadd frå uhellet. Mora skal ha fått ein liten skade i armen.

– Eg veit ikkje korleis kvinna blei klar over at det var farleg last på veg, men det skal ha vore bilar bak lastebilen som tuta for å varsla. Heldigvis gjekk det bra!

– Førar kan truleg ikkje klandrast

Lastebilen med den lause lasta blei stoppa eit stykke frå ulykkesstaden, ved Svegatjørn.

– Han hadde lasta på bilen i Kolskogen og fått lasta av ein bil som kom frå Bergen.

– At den 7 mm tjukke vaieren lausna og strekte seg bak bilen ser ikkje ut til å vera førar sin feil, sjølv om førar har det overordna ansvaret for at lasta er sikra. Lasta var meir eller mindre lukka og blei levert ferdig sikra.

– Om det blir noko oppfølging av denne saka så blir det sivilt, at dei som har pakka lasta erstattar barnevogna, som blei skadd, seier Rastad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.