Lokal | 10. mars 2012

Barnsleg jubilant

Bente Bratlund fyller 60. Dagen feirar ho med ny bok, skuleturné og ope hus i Solbakkestova.

Barnsleg jubilant
Bente Bratlund fyller 60 år mandag 12. mars. Gratulerer med dagen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 10. mars 2012 08:56

Allereie har ho feira dagen fleire gonger. Første med gode vener i skrivestua i Sverige, så på Reinsvoll på Toten før ho torsdag kryssa Langfjella for å ta siste del av feiringa heime på Os. Laurdag held ho ope hus i Solbakkestova for å feire med vener og kjende.

- Eg er jo spent på om det er nokon som har lyst å koma då, strålar jubilanten med eit stort smil og sitrande kropp.

Ho er akkurat som lesarane sine, full av forventning og spenning før den store dagen.

- Vi får berre sjå kva det blir til. Eg koker no opp ei stor panne suppe så får vi ta det derfrå, prøver ho å dra det ned på vaksnes vis, men ho lykkast ikkje heilt.

Bente Bratlund er oppteken av å feira, både bursdagar og andre ting. "Alt som feires kan, feires skal" er mottoet til den driftige 60-åringen.

- Kva tenkjer du om å bli 60?

- Guri, så heldig eg er som får bli 60. Det er herleg, ler Bente som aldri har vore så produktiv som forfattar som no.

Med utsikt over vatnet

Noko av grunnen til at det kjem bøker på løpande band trur forfattaren sjølv er skrivehola ho har fått seg i Karlskoga i Sverige. I ei leilegheit med utsikt over Möckeln får ho utlaup for all inspirasjonen.

Inspirasjonen hentar ho frå møter med dei unge leserane sine når ho er på skuleturné som ein del av den kulturelle skulesekken.

- Dei siste tre åra har eg hatt skrivehola mi der borte. Det å sitja på verandaen min og sjå utover vatnet ein sommarkveld, der månen speglar seg, er noko av det finaste som finnest.

At ho har funne roen og inspirasjonen i Nobels fødeby vitnar årets bøker frå Bente på.

Ni på eitt år

Fire nyskrivne bøker i Sverige, to tidlegare bøker omsett til svensk, ei til dansk og to nye norske bøker.

- Den siste svenske boka blei nett antatt før eg kom over her, fortel Bente Bratlund.

Salet i nabolanda går godt, faktisk endå betre enn i Noreg.

- Eg veit ikkje om det er fordi eg skriv på nynorsk og soleis kjempar ein språkkamp på den norske marknaden.

- I Sveige og Danmark har dei jo berre eitt skrivspråk, så det kan hende det har noko med saken å gjera.

Lettlest om krevende tema

Tre av bøkene ho no kjem med i Sverige er bestillingsverk frå forlaget.

- Det er lettleste bøker laga for innvandrarborn. Dei to eg gjev ut i Noreg er ei ungdomsbok som kjem til hausten og den tredje boka i historia om Hanna & Emma.

- Bente, eg må innrømme at eg ikkje har lest nokre av bøkene dine. Kva skriv du om?

- Det er lettleste bøker om krevjande tema. Serien om Hanna & Emma er jentebøker der eg skriv om dei vanskelege tinga som unge jenter i 10-12-årsalderen opplever. Det går i forelskelse og andre kvardagsproblem ungdomane møter, forklarar forfattaren.

På skuleturné

Måndag, på sjølve dagen, tek ho med "Berre venner/Listig plan", som den siste boka om Hanna og Emma heiter, på skuleturné i Hordaland. Turneen startar på Tysnes før både Vaksdal, Dale og ei rekkje andre stadar rundt i Hordaland får vitjing. Tre veker på vegen skal Bente Bratlund tilbringe før påskeferie i skrivehula i Sverige.

- Reisinga er slitsam, men det å møta ungane er veldig, veldig gøy og inspirerande.

- Det å få møta lesargruppa og få dei ærlege tilbakemeldingane deira er berre heilt fantastisk.

- Ja, kva møter deg når du er ute på turné?

- Nysgjerrige og ivrige ungar som ikkje berre er opptekne av bøkene mine, men like mykje om livet og korleis bli forfattar og læra seg å skriva.

- I tillegg er det ufatteleg flott å sjå kor mange flinke lærarar det er. Dei imponerer meg stadig over den entusiasmen dei viser i høve til elevane sine.

- Eg må berre fortelja om eitt av møta eg hadde i ei klasse:

- Då eg kom inn i klasserommet sat det ein gut på bakerste benk og vifta med armen for å få seie noko. Eg lurte litt på om eg skulle sleppa han til før eg hadde presentert meg eller om han skulle få venta. Eg bestemte meg for at han skulle få snakka.

- Då han fekk ordet kom det frå han: "Eg såg på internett at du snart er 60. Du ser ikkje så gamal ut". Kan tru at eg smelta, seier Bente i det ho bryt ut i eit stort smil.

- Den guten kjem til å smelta mange kvinnehjarte framover, slår jubilanten fast.

Skriv di gratulasjonshelsing til Bente Bratlund i kommentarfeltet nedanfor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.