Baronen viser seg

Han er høgrøysta og glad i allsong og kveitebollar. Og han bur naturlegvis i Baronselva.

Baronen har dukka opp i Baronselva i Os sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. mai 2012 10:32

I helga dukka ein ny figur opp i Os. Ein baron i vatn, med litt hollandsk sus over namnet sitt. Baron Vann Frode.

Han bur i Baronselva i Os sentrum, er høglydt, gamal, klok og glad i song og litteratur. Og aure.

- Baron er tingen

Ein rar figur, ein morosam idé og namnet Frode. Luktar dette Frode og Vidar? Frode Sirevåg og Vidar Bratlund Mæland, kunstnarar, festivalarrangørar og menn bak morosame stunt som det svårske dansebandet Frode Vidars. Ja, det gjer det!

- Utgangspunktet er den vakre Telthusplassen og Baronsplassen. Når Kjuttavika i Kristiansand har Sabeltann tenkte vi at Baronselva også burde få ein figur. Så, etter to veker, slo det oss at ein Baron er tingen.

Vil laga show

Frode og Vidar fekk fart på sakene då baron-ideen søndag slo rot. Dukka blei laga same kveld, måndag var dei to og kjøpte klede til han.

– No vil vi laga show! Baronselva er super som scene, å sitja på steinane i elva med trappene som amfi vil nok fungera ypparleg for eit show for ungar, trur Sirevåg.

I tillegg til å vera høglydt er Baron Vann Frode glad i dikt og allsong. Og det passar veldig bra for Sirevåg og Mæland, som skal arrangera litteraturfestival i Oseana 8. til 10. november i år.

– Ja, vi har inngått eit samarbeid med baronen, og kjem til å arrangera fleire ting saman fram mot festivalen. Barnehagar og skular blir nok inviterte til show, men det kjem vi tilbake til, lover Frode.

Kvar fekk elva namnet ifrå?

Frode og Vidar seier alderen til Baron Vann Frode ikkje er definert, han kan vera 50 år eller 200 år.

Men er det ein baron som har gjeve namn til elva?

– Namnet kjem frå Baroniet i Rosendal, fortel Otto Walle, nærmaste nabo til elva.

– Nils Tveit skriv i Os-soga at det på 1800-talet blei diskutert om dei skulle har vegar i Os. Mange ville ikkje det. Men det blei beslutta å bygga bru over Mobergselva, som den vesle elva heitte før.

Mange rodde til Os for å gå i kyrkja og brua gjorde det enklare for folk å koma tørrskodd fram.

– Den gong var politikarane flinke til å tenkja på vedlikehald, så dei gav oppgåva med å stella med brua til leiglendingane til Baroniet i Rosendal. Baroniet hadde fleire gardar i Os og desse bøndene fekk oppgåva med vedlikehald. Så blei elva kalla Baronselva, fortel Walle.

Kanskje er det ein rundt 400 år gamal slektning av Ludvig Rosenkrantz som no har dukka opp i elva?

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.