Kultur | 13. nov. 2019

Baronessen og Liens inngår samarbeid

Legg opp til pub-til-pub-runde med eigen bundlingbillett.

Baronessen og Liens inngår samarbeid
Bjarte Andersen og Kristine Lygren Lien legg opp til vandring mellom to av utestadane med ny kombibillett. (Arkivfoto: KVB) 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. nov. 2019 13:36

Liens Kafé og Musikkbar, som blei etablert då Kristine Lygren Lien overtok etter ekteparet Hanne og Bosse i vår, køyrer tett med livearrangement.

Det same gjer Baronessen, som feirar eittårsdagen sin til helga med konsert både fredag og laurdag.

Dei to konkurrentane har no bestemt seg for å samarbeida.

Éin billett til begge stadane

Bjarte Andersen, som eig Catten og Baronessen, fortel at gjestane på Baronessen av og til har uttalt at det er vanskeleg å velja kvar dei skal gå, når det er livemusikk to stadar, gjerne i same sjanger.

– Det går an å forstå. Folk vil gjerne få med seg begge delar, ta to øl her og to øl der, men endar med å velja éin av plassane.

Kristine Lien opplever det same.

– Sjølv om prisen er låg kan det bli mykje å kjøpa to billettar for to halve konsertkveldar.

– Vi hadde frå før dialog kring bookingar, der vi har prøvd å unngå same sjanger same kveld, og at begge har større arrangement same dato. No blir det endå tettare samarbeid.

Ein testrunde for nokre veker sidan med sal av bundlingbillett var vellykka, og noko begge fekk gode tilbakemeldingar på. No blir det eit fast tilbod dei dagane begge har livemusikk.

Sånn blir helga

Laurdag er det Honeytrap som speler på Liens og Papa Slide på Baronessen.

– Det blir ei avgrensa mengde bundlingbillettar, så vi har kontroll på at folk faktisk kjem inn begge stadar. No jobbar vi med å få synkronisert onlinebestilling. Folk får følga med på facebooksidene våre om korleis dei får tak i desse billettane til laurdag.

Baronessen feirar eittårsdagen sin til helga, og har i tillegg konsert med Scary Monsters fredag.

Honeytrap er eit coverband som speler rock, country og pop, nyare musikk og eldre slagarar, i forsøk på å gjenskapa stemninga på dei gamle striledansane.

Bandet består av:
Roy Ophaug - gitar
Jan Torry Sande - bass
Otto André Nordby - trommer
Malene S Gullaksen - vokal
Annie S Gullaksen - tangentar/vokal

Papa Slide (Rune Nordvik) er ein musikar dei fleste i Os kjenner frå før.

Han har med seg Erik Rolland som gjesteartist og er elles glad om andre vil låna scenen for å dra ei låt eller to.

Scary Monsters (som speler fredag, og altså ikkje er del av bundlingbilletten) er eit David Bowie-tributeband som består av erfarne musikarar frå Bergen:
Bård Ose - vokal
Frank Hovland - bass
Zsolt Meszaros - trommer
Audun Hasti - gitar
Roger Sørgeim - keyboard
Lady Albatross - saxofon

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.