Lokal | 05. apr. 2020

Baronessen og Midtsiden med livestream-festival til påske

De To Vitse Menn blir konferansierar - sjekk kven som skal spela.

Baronessen og Midtsiden med livestream-festival til påske
Jostein Eck på Baronessen og Midtsiden-redaktør Kjetil Vasby Bruarøy. (Foto: Ørjan Håland)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandsøndag 05. apr. 2020 18:13

Onsdag 11. mars stengde Oseana, torsdag 12. mars måtte uteplassane i Os lukka dørene. Koronakrisa har ramma utelivsbransjen hardt. Liens Musikkbar leverte oppbod, men Bjarte Andersen, som eig Catten og Baronessen, sa tidleg ifrå at det ikkje blei tema å gi seg.

OPPDATERT: Direktesendinga ser du her!

Samtidig står mange musikarar og andre artistar utan oppdrag. Kream og Aurora har spelt på BT sin livefestival, ORBO og Mighty Magnolias spelte direktesendt konsert på Hyperklikk via Facebook i går.

Onsdag 8. april frå klokka 19.00 sender Midtsiden direkte frå Baronessen.

På plakaten står:
Frode Holmefjord og Erik Rolland
Kurt Røttingen Band
Erik Rolland (solo)
Martine (Frotveit)
Haavard Skaatun

Konferansierar: Thomas «To meter Tulling» Helgesen og Jan Helge Corneliussen (De To Vitse Menn)

Desse står for den direktesendte underhaldninga onsdag kveld.
Desse står for den direktesendte underhaldninga onsdag kveld.

Minifestivalen blir open for alle og gratis å oppleva - men det blir lagt opp til at du kan støtta deltakarane med valfri sum via Vipps. Eventuelle firma som vil sponsa, kan få faktura frå Baronessen. Alle inntekter går uavkorta til musikarane og konferansierane, i ein felles pott og delt på deltakarane.

– Ei glede å hjelpa

Bjarte Andersen er glad for samarbeidet og nøgd med å kunna hjelpa lokale artistar.

– Vi har vurdert ulike variantar av livesendingar, og er glad for å gjera dette i samarbeid med Midtsiden-TV. Det er òg ei glede å kunna hjelpa lokale artisar med ein digital scene, og å kunna by på litt livemusikk heim i stovene i Bjørnafjorden kommune, seier Andersen.

Jostein Eck, som styrer Baronessen, hadde både Kurt Røttingen, Kivi og den kjente trønderrockaren Terje Tysland på plakaten denne våren.

– Vi skulle for alvor starta sesongen 21. mars. No bruker vi ventetida på finpuss på lokalet - og denne minifestivalen blir eit fint avbrekk, seier Jostein.

Sjølv om konsertane blir utan fysisk publikum på Baronessen, er den tekniske gjennomføringa med ulike smitteverntiltak. Det er berre eitt band i lokalet til ei kvar tid, og musikarane kjem inn éi dør, og går ut ei anna. Alle har sitt eige utstyr med seg, og syng i sin eigen mikrofon.

Anten du skal ha eit lite påskevorspiel for deg sjølv - eller vil samla familien for litt lokalkultur - velkomen til direktesending onsdag frå klokka 19.00.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.