Baronessen onsdag: Vitse Menn intervjuar ordføraren på direkten
Onsdag kveld er det klart for livesending frå Baronessen med både komikarar og musikarar.
I morgon, onsdag kveld frå kl 19.00, sender Midtsiden direkte frå Baronessen. Livemusikk frå artistar som Frode Holmefjord, Kurt Røttingen Band , Erik Rolland, Martine Frotveit og Haavard Skaatun står på plakaten.
Programleiarar for sendinga vert De To Vitse Menn; Thomas Helgesen og Jan Helge Corneliussen.
– Vi har vel gått fra å vera De To Vitse Menn til De To Rustne Herrar no om dagen. Og så skal vi i tillegg gå live, så dette kan jo bli noko for seg sjølv, seier Helgesen.
Ordførarbesøk
Mens utelivsbransjen er i koronakarantene, blir det kultur, komikk og kanskje litt politikk via direktesendinga.
Trine Lindborg tek nemleg turen innom Baronessen for å koma med ei helsing og slå av ein prat med komikarane.
– Med ordføraren på besøk kan vi jo koma til bunns i eit par spørsmål kring kulturarrangement. Om det til dømes er smittevernlegen som skal godkjenna alle arrangementa framover.
– Eg trur ikkje han hadde hatt problem med å godkjenna Osfest, om dei blei verande i bygda. Maks fem personar og to meters avstand var vel resultatet i fjor? spør Helgesen og humrar godt.
Utan respons
Applaus og latter kan vera både bensin og rettesnor for musikarar og komikarar. Kva som skjer heime i stovene mens morgondagens artistar blir direktesendt, veit dei på scenen lite om.
– Det blir jo heilt stille der ein vanlegvis får ein pekepinn på om du er inne på noko bra. Under direktesendinga kan vi jo risikera å rasa avgarde på heilt feil veg. Men eg trur publikum har eit heilt anna forhold til dette, og håper dei får utbyte av sendinga.
Roleg humor-år
Etter 12 show som To Meter Tulling på Ole Bull i 2018 og 7 show med De To Vitse Menn på Baronessen i 2019 har det vore stille rundt den høgreiste komikaren frå Nore Neset.
– Eg har ikkje show lenger og kallar ikkje meg sjølv ein artist. Einaste planen denne våren var å ha regi på Nor og Ne-revyen, men den ser jo no ut til å bli utsett. Elles er eg i full sivil jobb og kosar meg med det, seier Helgesen.