Næringsliv | 31. okt. 2016

Baronsgården klar for sal

Nye teikningar: No kan 26 små og store leilegheiter i nye Oshjørnet endeleg bli lagt ut i marknaden.

I dag kom dei nye og endelege skissene av Baronsgården, det nye Oshjørnet. (Ill.: Os Bygg og Eigedom/HLM Arkitektur AS)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 31. okt. 2016 12:48

Bildeserie:

Sånn blir Baronsgården. (Ill.: Os Bygg og Eigedom/HLM Arkitektur AS)
Nokre av terrassane er over 30 kvm. (Ill.: Os Bygg og Eigedom/HLM Arkitektur AS)
Utsikt over Oselvo. (Ill.: Os Bygg og Eigedom/HLM Arkitektur AS)
Sånn såg Baronsgården ut i 2014.
Sånn blir Baronsgården. (Ill.: Os Bygg og Eigedom/HLM Arkitektur AS)
Nokre av terrassane er over 30 kvm. (Ill.: Os Bygg og Eigedom/HLM Arkitektur AS)
1 av 4
Nokre av terrassane er over 30 kvm. (Ill.: Os Bygg og Eigedom/HLM Arkitektur AS)
Utsikt over Oselvo. (Ill.: Os Bygg og Eigedom/HLM Arkitektur AS)
Sånn såg Baronsgården ut i 2014.
Sånn blir Baronsgården. (Ill.: Os Bygg og Eigedom/HLM Arkitektur AS)

– Eg blei stolt og glad då eg i dag såg ferdige illustrasjonar for første gong, seier prosjektleiar Paal Herland i Os Bygg og Eigedom.

Baronsgården er løfta frå mørk til lys, følgjer både den gamle stilen og Drageset-bygget betre i arkitekturen, og har ein meir livleg fasade.

– Målet var òg at bygget ikkje skulle bli så ruvande.

– Arkitekt Per Højgaard Nielsen hos HLM Arkitektur har gjort ein framifrå jobb, no er eg spent på mottakinga i marknaden.

Frå 52 til 95 kvadrat

Baronsgården er auka frå 19 til 26 leillegheiter i svært ulik storleik.

Den minste er 52,5 kvadrat og har eitt soverom, den største er på 95,0 kvadratmeter og har tre soverom i tillegg til ein altan på heile 38 kvadratmeter.

– Med dette rettar vi oss òg mot yngre kjøparar, familiar som vi bu sentralt og vedlikehaldsfritt, seier Herland.

3 soverom til under 5,5 mill

Endelege prisar skal no setjast av meklar før salsstart. Prisane er venta å ligga frå 2,5 til 5,3 millionar kroner.

Prosjektet skal ut for sal før jul.

– Vi må selja 55 prosent før byggestart og ser for oss at vi tidlegast kan byrja å bygga til sommaren.

Prosjektet har vore på anbod. Stoltz (betong) og Vestafjell (tømrararbeid) er blant dei som skal bygga Baronsgården.

To til tre næringslokale

Då det viste seg at skiljet mellom gateplan og 2. etasje ikkje toler krava til næring, blei det bustad også i andre etasje.

Derfor er talet på husvære auka frå 19 til 26.

– På gateplan blir det næring fordelt på to til tre lokale. Strikkebutikken, som i byggeperioden må ut i midlertidig lokale ein eller annan stad i Os sentrum, vil inn igjen.

– I tillegg har vi minst éin seriøs interessent, seier Herland, og avslører at det her er snakk om servering.

Utfordra sentrumsplanen

Os Bygg og Eigedom måtte gå ein runde med plan og byggningsutvalet, då bygget utfordrar sentrumsplanen på eit par punkt.

– Det eine er dette med næring i andre etasje, noko eksisterande dekke rett og slett ikkje er rusta for. Det andre er dette med næring i første etasje.

Her ville Os Bygg og Eigedom også ha bodar og teknisk rom for avfallshandtering.

– Denne prosessen trur eg både vi og leiinga i Os kommune lærte litt. Det er ikkje gunstig med bod i andreetasje, å gå i heis eller trapper med bildekk eller slalåmski. Heldigvis fekk vi løyve til å ha bodane på gateplan.

Tidspress og samfunssansvar

Herland fortel at han og Os Bygg og Eigedom har opplevd tidspress i forhold til å få prosjektet ferdig og klart for sal.

– For utanforståande så skjønner eg at det ser ut som om vi har brukt lang tid på dette, men folk skal veta at det har vore ein omfattande prosess. Prosjektet vi «arva» ved kjøp av denne eigedomen kunne ikkje gjennomførast, verken teknisk eller økonomisk.

OBEAS sette ned ei ny prosjektgruppe, med fleire fag involvert, og bygde prosjektet på nytt.

– Vi kunne ikkje realisert førre prosjekt utan å gå fleire millionar i minus. Dagens prosjekt får heller ikkje noko fin bunnlinje, men no skal det vera fritt for overraskingar og ein akseptabel økonomi til Os sitt beste.

– Os Bygg og Eigedom AS er eit kommunalt selskap og eg har følt at dette prosjektet har vore eit tungt ansvar, både for å vitalisera Os, men òg for at det skal vera økonomisk forsvarleg å realisera.

Sol, støy og teknikk

Baronsgården blir, etter det Herland kjenner til, første bygg på Osøyro som blir reist etter Tek 10-krav.

– Kva omsyn er det tatt til støyforhold i Os sentrum, noko førre eigar såg på som ei utfordring?

– Med Tek 10 skal både isolasjon og ventilasjon vera god, du skal sleppa å sova med vindauget ope anten det er natt eller middagslur. Men å busetja seg i sentrum er eit val folk tar, det er alltid risiko for støy frå trafikk, folkeliv og folk på veg til og frå fest.

Nokre av leilegheitene har front mot Oselvo, andre mot kyrkja eller torget. Fleire har gode solforhold på terrassen.

– Sola kan òg bli nytta til energikjelde. Vi har opsjon på 96 solcellepanel på taket og batteripakke i kvar leilegheit. Det er førebels uvisst om dette blir bestilt, men vi har førebudd dette som del av bukomforten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod i november

Tilgang til alt innhald i 3 månadar for kun kr 300,-

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Kun kr 300,- i 3 månadar
  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.