Lokal | 19. aug. 2018

Baronsgården skal seljast, Torggården skal rustast opp

– Bakketeig sine visjonar blir opp til politikarane å vurdera, seier Ottar Randa.

Os Bygg og Eigedom skal selja dette bygget. Nabo foreslår riving til fordel for torg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. aug. 2018 09:08

Bildeserie:

I haust skal metallplatene rivast av Torggården si fasade. (Foto: KVB)
Om responsen var betre hadde bygget sett sånn ut snart. (HLM Arkitektur/Os Bygg og Eigedom)
I haust skal metallplatene rivast av Torggården si fasade. (Foto: KVB)
Om responsen var betre hadde bygget sett sånn ut snart. (HLM Arkitektur/Os Bygg og Eigedom)
1 av 2
Om responsen var betre hadde bygget sett sånn ut snart. (HLM Arkitektur/Os Bygg og Eigedom)
I haust skal metallplatene rivast av Torggården si fasade. (Foto: KVB)

Os Bygg og Eigedom kjøpte Oshjørnet i 2013 og Osbygg (Tøsdalsbygget/Lyssandbygget/MK Olsen-bygget) i 2014.

Osbygg blei døypt om til Torggården, Oshjørnet blei teikna om og døypt Baronsgården. Men det blei aldri nok kjøparar til leiligheitene i den utvida og oppgraderte versjonen av Baronsgården.

I juni i fjor og i juni i år diskuterte politikarane kva Os Bygg og Eigedom bør driva med, arealutvikling eller bustadutvikling, og om Baronsgården burde seljast.

I førre veke kasta Per Tore Bakketeig seg inn i debatten. «Riv Oshjørnet og lag torg ut mot Oselvo», meiner Bakketeig, og presiserer samtidig at han som nabo er klar over at han er feil mann som seier det.

– Vi har bestemt oss for å selja Baronsgården. Vi er ein god, gamal tomteutviklar, og trur andre bør prøva å realisera noko nytt av dette bygget, seier administrerande direktør i Os Bygg og Eigedom, Ottar Randa.

– Bakketeig sine tankar er visjonære og spennande, og i tråd med det vi tenkte då vi kjøpte «Elvakanten» (tomta ut mot elva, der det i dag er parkeringsplass) for å sikra at eigedomen ikkje skulle bli nedbygd med bustad og næring slik reguleringsplanen den gang opna for. Kjøpet sikra at vi held på opninga og tilkomsten til elva for framtida.

– Resultatet av dette er at området i dag er regulert til offentleg formål i form av torg. Ei opning mot elva er ein fin tanke.

– Men om heile tomta bak og under Baronsgården skal bli offentleg areal må Os kommune kjøpa bygget, og så blir det opp til politikarane å seia kva dei vil med eigedomen.

Dyr tomt?

Os Bygg og Eigedom kjøpte Baronsgården for 16 millionar kroner. Seinare har det kosta pengar å prosjektera og teikna nytt, og den bokførte verdien blir i dag sett til 17 millionar.

– 17 millionar kroner er mykje, men om vi ser 30 år fram er det kanskje ikkje så mykje likevel, om kommunen vel å kjøpa og riva for å få ei allmenning eller torg, og ei større opning ned mot Oselvo.

– Ei opning vil dei uansett ha, tomta «Elvakanten» er ikkje aktuell å regulera tilbake til bustad og næring for å selja til bustadutviklar.

Om andre enn Os kommune kjøper bygget, er det naturleg å anta at det blir bygd husvære.

– Det er jo mogleg at dei river bygget, men då er det for å bygga noko nytt og større. Kanskje vil ein stor bustadutviklar tenkja endå større, og prøva å få fleire bygg i Landboden med i same prosjekt.

Å skapa grunnlag for handel

Samtidig ser Randa at det kan vera behov for langt fleire bustadar midt i sentrumskjerna.

– Dei siste åra har Os sentrum blitt utvida ut i sjøen, vi har på ein måte snudd ryggen til Osøyro. Dei som bur i Hamnevegen eller på Os Sjøfront bruker sikkert Os sentrum, men på grå dagar som denne er det lett for å setja seg i bilen, og då går gjerne turen litt lengre av garde.

Men om det er fleire som bur og jobbar midt i Os sentrum blir det òg eit større grunnlag for å driva med handel på Øyro.

– Korleis trur du det hadde påverka Os sentrum om dei over 100 husværa som er bygde i Os Sjøfront 1 og 2 hadde kome i høgda inne i sentrumskjerna?

– Det handlar om å ta sentrum tilbake, og skape ein identitet og gode sentrale bustadområde. Folk skal jo til og frå husa sine, til fots frå buss eller parkeringsplass, så det ville jo blitt eit yrande liv. Men det skal seljast, og det må gjerne eit visst volum til for at det blir økonomi nok til å laga fine, gode prosjekt.

Skal rusta opp Torggården

Den andre eigedomen, der bokhandlaren heldt til, er førebels ikkje planlagt å selja.

– Det er eit reint utleigebygg, med næring i første etasje og 7 leilegheiter og 8 hyblar i etasjane over.

– Vi har gradvis rusta opp husværa, og i haust er planen at vi òg skal ta fasaden og taket.

– Burde dette arbeidet vore gjort før baldakinane kom opp?

– Det hadde vore enklare for bygging av stillas, men vi dekker baldakinane til med kryssfiner og bygger stillas oppå. Under dette kjem eigne midlertidige støtter.

Metallplatene som er kledd utanpå bygget i dag skal vekk, og så skal vi pussa opp fasaden under.

– Med nypussa og nymalt fasade blir bygget fint, seier Ottar Randa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.