Baste Jonassen var kaptein på Lysekloster i fjor og i 2015. I år skal han spela for Søfteland i 5. divisjon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Baste Jonassen i ny klubb

Lysekloster mister kapteinen sin, Lysefjorden-guten som sidan 2011 har vore med på tre opprykk og eitt nedrykk.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Baste Jonassen går frå Lysekloster i Regionsligaen (3. divisjon) til Søfteland i 5. divisjon.

Jonassen, som har vakse opp i Lysefjorden, returnerte til moderklubben frå Os i 2011, og var del av opprykkslaget til 4., 3. og 2. divisjon - dei to siste åra som kaptein.

• Les òg: I dag kan han rykka opp igjen

– Eg har fått jobb som seljar for Falck og kjem til å jobba så mykje ettermiddag og kveld at eg dessverre ikkje klarer å følgja satsinga til Lysekloster denne sesongen, seier Baste.

– Det har blitt mange veldig gode år for Lysekloster, og eg har tru på at det blir eit godt og kjekt år med Ruben Hetlevik som trenar, men etter fleire år med ulike studieretningar, innan idrett og økonomi, føler eg det er på tide å staka ut ein karriereretning. Eg likte salsfaget på BI, no får eg prøva det ut i praksis.

Sportsleg leiar i Lysekloster, Svein Kollen, har forståing for at Jonassen vil terminera kontrakten.

– Baste har på alle måtar vore fantastisk for klubben. Det er trist at han måtte melda pass, men sånn er fotballen av og til, seier Kollen.

Søfteland blir styrka

Baste seier han framleis ønskjer å spela fotball, og då blei vegen kort til venar og tidlegare lagkameratar som no speler på Søfteland.

– Det er nok ikkje mange 5. divisjonsklubbar som styrkar stallen sin med tilsvarande kvalitet, ein kaptein frå fjorårets 2. divisjon, seier trenar Raymond Pedersen nøgd.

Frå før har Søfteland tidlegare Lysekloster-spelarar som Stefan Bernsen, Sindre Råheim, Preben Borgen, Ramo Racic og Joakim Hovden.

– Det blir litt papirarbeid når han kjem frå proffkontrakt, men vi reknar med å ha Baste klar til seriestart. Baste kjem inn som ein direkte erstattar for Preben Skorpen, som gjekk til Os i vinter. Dei er begge gode både på back og i midtforsvaret, og begge skårer ein del mål.

Andre nye spelarar i Søfteland-stallen før 2017-sesongen er Even Sjøvoll (Baune), Martin Dale (Kalandseid) og tre frå Os; Erlend Sørås, Henning Wold og Thomas Blomberg.

Ein god vinter

Søfteland kom på 2. plass i si pulje i vinterligaen.

– Vi tapte det som i praksis var ein semifinale 0-2 for Nymark. Det er det einaste tapet vårt i vinter.

Søfteland slo blant andre Nore Neset 2-0 i vinterligaen. Mot Os 2 blei det 1-1.

– I mars skal vi på ei lita treningshelg i Haugesund, der vi nok får ein tøff treningskamp mot Djerv1919. 23-24 av ein stall på 26 er med. Seinare skal vi spela mot Smørås.

Os 2, Nore Neset og Søfteland speler i kvar sine avdelingar i 5. divisjon i år.

– Eg er skuffa over at kretsen for vår del ikkje har klart å prioritera lokale oppgjer breddeklubbar imellom, slik dei seier dei skal gjera. Eg har sendt brev på dette og håper det betrar seg neste år, seier Pedersen.

Søfteland har seriestart borte mot Trio 22. april.

Fleire saker