Lokal | 02. okt. 2020

Båt for buss: Var lei av kø og kaos på Skeie

– Båtturen var fin, men vi er glad busstreiken er over.

Båt for buss: Var lei av kø og kaos på Skeie
Henriette og Celina på veg heim frå skulen i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. okt. 2020 07:37

Mens meldinga om avslutta busstreik tikka inn, fann Celina Norheim Lunde fram redningsvesten for å ta båt frå Brattholmen til Skeie og Nore Neset ungdomsskule.

Bussane byrja jo ikkje å gå før i 12-tida.

– Eg fekk legga til land hos ein kamerat. Georg Lyssand i Dahlsvegen. Derfrå er det kort veg til skulen, fortel 9. klassingen frå Øyane.

Det var dessutan avtale om samkøyring, men venninna som skulle sitja på, var vekke frå skulen grunna skade i foten. På veg heim fekk ho ei anna venninne med seg, Henriette Hermansen Haugland.

Styrte unna morgonkaoset

– Det har gått greit å bli køyrd til skulen, men det har vore veldig lang kø, heilt til Hagavik Hjemmebakeri på det verste, seier Henriette.

– Den eine morgonen måtte vi køyra så tidleg, for å unngå kø, at eg sat ein halvtime på skulen og venta før det ringte inn. I natt har eg sove hos ei kusine som bur nærmare skulen.

Då ungdom frå Lysefjorden, Strøno, Søre Neset og Øyane skulle køyrast, blei det kaos i dette krysset. (Foto: KVB)
Då ungdom frå Lysefjorden, Strøno, Søre Neset og Øyane skulle køyrast, blei det kaos i dette krysset. (Foto: KVB)

Vi har ikkje lykkast i å nå rektor på Nore Neset ungdomsskule, men på barneskulen på nabotomta blir dette stadfesta.

– Dei fleste barneskuleelevane bur i nærområdet og går eller syklar til skulen. Men ungdomsskuleelevne kjem jo frå Lysefjorden, Søre Neset, Strøno og Øyane. Sånt blir det mange bilar av, seier rektor Børge Lunde.

– Vi såg ei auka måndag, men i regnet tysdag var det endå verre. Eg brukte 10 minutt frå Grindavoll til skulen, seier avdelinsgleiar Marianne Turøy.

Også på Os var det tett trafikk tysdag morgon. (Foto: KVB)
Også på Os var det tett trafikk tysdag morgon. (Foto: KVB)

Streik og FIFA

Celina synest det var ein fin start på dagen å køyra båt til skulen. I går såg ho og Henriette fram til ein endå finare retur i solskinet.

Celina på veg til skulen torsdag morgon. (Privat foto)
Celina på veg til skulen torsdag morgon. (Privat foto)

– Men vi er glade for at busstreiken er over. Mange har hatt problem med å koma seg til og frå trening om kveldane, òg.

– Har det vore ekstra mykje fråvær denne veka, at klassekameratar har hatt problem med å koma seg til skulen?

– Akkurat i dag var det ein del gutar som var vekke, spesielt i den eine parallellklassen vår. Men eg trur det er fordi det var forhandslansering av eit nytt FIFA-spel 1. oktober, seier jentene og ler.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.