Lokal | 03. aug. 2020

Båt funnen på rek, med kjølen opp

Det var ikkje mistanke om folk i sjøen, og båten er slept til land.

Båt funnen på rek, med kjølen opp
Båten er i fortøydd i ei brygge nær flytebrua over til Brattholmen. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 03. aug. 2020 08:20

Søndag klokka 14.40 blei det meldt ifrå om funn av velta båt i Toreidpollen.

Toreidpollen er på Røtinga, nær Brattholmen.

– Meldinga kom via 110-sentralen. Det var ingen mistanke om folk i sjøen, fortel varabrannsjef Erik Walden.

Båten, ein 14 fot, grå Pioner, ser ut til å vera utan påhengsmotor.

Den er slept til land og fortøydd i ei brygge nær flytebrua over til Brattholmen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.