Lokal | 28. des. 2019

Båt gjekk ned - oljesøl i Os hamn

Ei veke etter at eigar fekk pålegg om å fjerna båten, tok den inn endå meir vatn.

Båt gjekk ned - oljesøl i Os hamn
Denne tresnekka gjekk ned i Os hamn i natt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 28. des. 2019 11:33

Bildeserie:

Båten ligg i den nye gjestebrygga. (Foto: KVB)
Båten ligg i den nye gjestebrygga. (Foto: KVB)
Brannvesenet vil sjekka om det er fare for forureining. (Foto: KVB)
Brannvesenet vil sjekka om det er fare for forureining. (Foto: KVB)
Frå Os Sjøfront er det allereie tydelege teikn på oljesøl. (Lesarbilde, foto: Oluf Hessen)
Frå Os Sjøfront er det allereie tydelege teikn på oljesøl. (Lesarbilde, foto: Oluf Hessen)
1 av 3

Laurdag morgon låg ei større tresnekke under vatn i den nye gjestebrygga innanfor moloen på Steinneset.

– Eg har fått melding om båten, og brannsjefen har vore i kontakt med eigar, som har fått pålegg om å heva og fjerna båten, seier hamnesjef Gitle Smaadal frå Os brannvesen.

Laurdag 21. desember lensa brannvesenet same båt. Då fekk eigar beskjed om å fjerna båten, sidan den ikkje var sjødyktig.

Bilde tatt frå Os Sjøfront viser at oljesøl som truleg stammar frå den forliste båten ligg i overflata innover i hamna. Både fuglar og andre båtar risikerer å bli utsett for forureininga.

– Eg skal sjølv ned i hamna for å sjekka status, og for å sjå om det er naudsynt med tiltak, seier Smaadal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.