Lokal | 04. juli 2020

Båt gjekk på skjer i Øyane

Hovedredningssentralen slo alarm - men så kom ny beskjed.

Båt gjekk på skjer i Øyane
Bjørnafjorden brann og redning blei kalt ut, men så kom det melding om at båteigar fekk hjelp av andre. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 04. juli 2020 11:29

Laurdag i 12-tida blei fleire einingar varsla om båt på skjer i Søre Øyane.

– Det var Hovedredningsentralen som varsla, og vi var på veg ut, men så fekk vi beskjed om at det hadde ordna seg, opplyser Bjørnafjorden brann og redning.

Ingen om bord var skadd. Ein annan båt kom til og gav hjelp.

Det er ikkje notert kvar i Øyane dette skjedde.

– Det var ikkje mistanke om at båten tok inn vatn, dermed ordna det seg greit.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.