Næringsliv | 16. juni 2009

Båt nr 1

Denne Askeladden 475 Fighter er bygg nr 95.100, men den første produsert av Askeladden Boats. - Dette er ein merkedag! seier Henrik Askvik.

Båt nr 1
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. juni 2009 07:30

Bildeserie:

1 av 5

Tysdag 2. juni, første arbeidsdag etter pinsen hadde 13 tilsette i Askeladden-produksjonen sin første arbeidsdag for det nye selskapet Askeladden Boats AS. Til saman 30 personar er no i sving i fabrikken.

- Det har fungert veldig godt, både med arbeidsstokken og produksjonsutstyret, som heldigvis har tålt godt å stå i ro desse månadane, seier Askvik.

Solskinsdagar i Askvik
Sola skin, det nærmar seg ferie, fabrikken er i sving igjen og i går blei den første båten til den nye fabrikkeigaren pakka inn for å bli sendt til forhandlar.

- Det er ein merkedag, men vi har det så travelt at vi får dessverre ikkje tid til å markera båt nr 1.

- Denne fine tida står i skarp kontrast til den tunge vinteren vi har vore gjennom. Vi har det veldig kjekt på jobb om dagen, fortel Henrik.

Leiger vekk delar av fabrikken
Dei siste åra har det stort sett gått 6-7 båtar for dagen ut frå Askeladden-fabrikken, også før den nye produksjonhallen blei bygd. No skal det produserast to for dagen.

- Det går fint å bruka fabrikken også til mindre volum. I hallen der vi tidlegare hadde montering leiger no Båtens Beste AS plass. Dei har botnsmørjing av båtane, og skal flytta opp snekkarverkstaden.

Askeladden Boats AS har kjøpt seg inn i selskapet Båtens Beste AS. Nytt for fabrikken er at Askeladden blir levert ferdig smurd og med motor montert.

- Vi har hatt folk frå Suzuki, som er nytt merke for oss, på plass i fabrikken for å ta del i montering av dei første motorane. Alt ser lovande ut, både teknisk og administrativt, med samarabeidet med Suzuki, seier Askvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.