Båt på 47 fot på skjer ved Sandholmane
Redningsskøyta Bjarne Kyrkjebø held på å redda ein cabincruiser på 47 fot.
Bildeserie:
Søndag i 17.30-tida kom Bjarne Kyrkjebø inn fjorden med blålys.
– Det er ein cabincruiser som har gått på land på Sandholmane, fortel eit forbipasserande vitne til Midtsiden.
Tre personar om bord
Om bord på Bjarne Kyrkjebø fortel dei at dei no er framme ved staden.
– Vi fekk melding klokka 16.20, klokka 17.45 var vi på staden, fortel Lasse Brunborg, bestmann om bord i redningsskøyta.
– Båten, som er 47 fot, har gått på eit skvalpeskjer. Ingen av dei tre om bord blei skadd.
Må venta på flo
Ifølgje eit vitne skal båten ha kome sigande inn sundet i sakte fart.
– Eg la merke til at han blei liggande lenge i ro, og at nokon om bord tok på våtdrakt og hoppa uti, men det var ikkje teikn til at dei trengte hjelp, fortel vitnet, Joachim Dalland.
Ifølgje Brunborg har båten gått så hardt på skjeret at dei må venta på flo for å få han av.
– Kystvaktskipet Nordkapp ligg no stand by ved den forliste mens vi må vidare. Oppdraga har kome som perler på ei snor i dag.
Hoveredningssentralen i Sør-Norge fortel via Twitter om 45 oppdrag på eitt døgn, 35 av dei er relatert til båtliv.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.