Lokal | 18. okt. 2019

Båt under vatn og spor etter oljesøl

Teknisk eining og brannvesenet sjekkar forholda under Osbrua.

Båt under vatn og spor etter oljesøl
Forureining under Osbrua torsdag. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. okt. 2019 10:17

Torsdag fekk vi inn tips om både båt under vatn og oljeshine i Oselvo.

– Båten kjenner vi ikkje til, men vil ned og sjekka. Oljesølet har vi bedt teknisk eining i Os kommune sjå nærmare på, seier varabrannsjef Erik Walden.

Båten som ligg delvis under vatn er utan motor, og er neppe syndaren bak oljeshinet på motsett elvebreidd.

– Det er observert oljeshine også lengre oppe i elva, fortel Dag Søfteland frå teknisk eining.

– Vi har ikkje inntrykk av at det er dei store mengdene, og har heller ikkje funne ut kvar det stammar frå. Det hender av og til, etter at det har vore store nedbørsmengder, at det kjem noko shine nedst i vassdraget. Det er mogleg at det er nokre gamle, nedgravde syndar som flyt opp. Men vi er glade for tips når det kjem observasjonar som desse.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.