Lokal | 26. apr. 2014

Båt velta i Øyane

Ein familie hamna i sjøen då ein båt velta mellom Lepsøy og Innerøya laurdag.

Båt velta i Øyane
Om lag her, mellom Lepsøy og Innerøya, blei ein liten båt fylt med vatn av ein større båt som kjørte forbi. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 26. apr. 2014 22:07

Laurdag kveld i 19.20-tida kom melding om velta båt utanfor Hauglandssjøen.

– Seks personar hamna i sjøen mellom Lepsøy og Innerøya. Alle fem blei raskt berga om bord i ein annan båt og skal ha det etter forholda bra, seier politibetjent Jonsrud til Midtsiden.no

Brannvesenet rykte ut med Unik-båten frå Halhjem.

– Men då var seks fem om bord allereie transportert inn mot Særvoll, der ambulande venta for å gje dei forliste ein sjekk, fortel varabrannsjef Arne Monsen.

Kantra i bølgjene frå større båt

Båten velta då den låg i kjølvatnet av ein større båt, og velta i bølgjene bak denne.

Ein person frå den store båten hoppa i vatnet for å hjelpa dei som velta.

Også ein annan båt kom til og hjelpte med redningsarbeidet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.