Lokal | 09. des. 2017

To båtar funne etter stormen

OPPDATERT: Ein kajakk er funnen i Hauglandssjøen, ein båt som er meldt stolen på Askvikneset blei funnen i ei fjøre mellom Storum og Lepsøy.

To båtar funne etter stormen
Den eine båten låg i ei fjøre på Lepsøy, den andre var på rek innanfor Halhjem.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 09. des. 2017 16:48

Laurdag har Midtsiden fått melding frå to ulike lesarar som har funne båtar som ser ut til å ha kome vekk frå eigar.

– Den må ha kome seg laus i løpet av natta, for den var ikkje her i går, fortel finnar av ein Ôrnvik med påhengsmotor som låg i ei fjøre mellom Storum og Lepsøy laurdag morgon.

Finnar ville prøva å få den laus på full flo i 15-tida, for så å legga den ved ei brygge på Lepsøyvegen 189.

– Eg trur båten kan ha kome frå Strøno eller Hagavik.

OPPDATERT: Politiet etterlyste via Twitter ein tilsvarande båt klokka 12.20 i dag:

«Askvikneset, Hagavik, Os: 2006-mod. Skjærgårdsjeep, Ørnvik 55, 17 fot m/grå kalesje og 115 HK Mercury påhengsmotor. Stjålet i tidsrommet fra kl 2300, 8/12. Båten har reg.nr. FAP763. Evt tips og observasjoner - kontakt politiet på tlf. 02800.»

– Eg sendte melding til politiet før klokka 14 i dag, men har førebels ikkje høyrd frå dei.

– Då vi tok båten ut av fjøra i dag så la vi merke til at det låg mykje verktøy slengt i båten. Vi prøvde å tilta opp motoren, men batteriet var flatt, fortel finnar.

Fann kajakk i Hauglandssjøen

I ettermiddag var ein kajakk på rek i Hauglandssjøen.

Finnar har tatt den opp på flytebrygga til familien.

Han kan kontaktast på 92843622.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.