To båtar kolliderte utanfor Øyane
Ingen personar blei skadd då ein lastebåt støytte saman med ein fritidsbåt i Bjørnafjorden.


Ein fritidsbåt av typen Buster Super Magnum (aluminium) blei lettare skadd i samanstøyt med ein lastebåt i Bjørnafjorden.
Ulykka skal ha skjedd onsdag i 13.30-tida, mellom Inka og fyret på Røtinga, slik politiet har fått det skildra.
– Ingen blei skadd i samanstøyten, men fritidsbåten fekk skade i baugen. Det var to personar i fritidsbåten, fortel politiførstebetjent Thomas Juulseth.
Fritidsbåten kom til land i Os hamn, førar av lastebåt blei kontrollert på Flesland kai av politiet i Bergen. Ingen av dei er mistenkt for å ha køyrd med promille.
Politiet har førebels ikkje notert storleik på båten, anna enn at den hadde mannskap på sju og var på veg frå Hardanger til Sture terminal.
Dei har førebels heller ikkje fått oversikt over kva som var årsak til samanstøyten.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.