Næringsliv | 05. jan. 2010

Båtbransjen er tilbake

Båtbransjen fekk føla finanskrisa tidleg. No opplever både messa i Bergen og Båten Beste i Os at rekordar blir slått.

Båtbransjen er tilbake
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. jan. 2010 06:37

Hausten 2008 blei tøff for båtbransjen. Då bankane stramma igjen pengesekken måtte fleire legga ned, blant anna Askeladden-fabrikken Henrik J. Askviks Sønner AS. Men eventyret heldt fram og Askeladden Boats AS sørgja for å halda liv i den snart 100 år gamle båtbyggartradisjonen i Askvik.

Også Viksund på Askøy måtte legga ned, men kom på beina igjen med nytt selskap i 2009. No går dei eit godt år imøte.

- Vi har selt meir enn vi kunne drøyma om. Det vi produserer fram til sommaren er det vi hadde tenkt å produsera heile året, seier dagleg leiar Rune Viksund til NRK Hordaland.

Rekord i desember
Båtens Beste AS, som fylte eitt år i oktober, kan ikkje akkurat seia å ha opplevd finanskrisa, sidan selskapet blei stifta i det det braka laus. Likevel har dei erfaringer som tydar på at 2010 blir eit godt år for båtbransjen.

- Vi arrangerte ei minimesse i desember, nest siste helga før jul, og hadde over 100 personar innom. Responsen var mykje betre enn vi hadde håpa på, og omsetnaden i den nyopna butikken blei veldig bra, seier dagleg leiar Jonathan Dyrstad.

For det første selte dei ein båt til 250.000 kroner under minimessa "Båtens Helg", for det andre blei det selt utstyr og småvarer for rundt 50.000 kroner.

- Til saman selte vi seks båtar i desember, som blei ein rekordmånad for oss. Utruleg med slike tal midt på vinteren!

Små og store messer
Båtens Helg blei ein suksess, med fleire som kjøpte båtførarprøven og deltok på konkurranse der ein skulle tippa kor tung ein hummer var. Nkre kjøpte julepresangar, andre førebudde seg på komande sesong.

- Vi kjem til å ha fleire slike minimesser, både før påske, før sommaren, etter sommaren og før neste jul, seier Dyrstad.

Men først skal dei på Dra til Sjøs i Bergen 17. til 21. februar. Også denne opplever nye rekordtal. Ifølgje NRK har det aldri vore fleire påmeldte til båtmessa i Bergen.

- Vi skal sjølvsagt stilla ut på messa, med ein stor stand på plassen inne til venstre i A-hallen, der Askeladden tidlegare var utsilt med flott stand i mange år.

- Kan bli ventetid
Samstundes som han ser fram til årets sesong, åtvarar Dyrstad folk med plan om å kjøpa båt.

- Mange forhandlarar, oss inkludert, har blitt meir varsame med bestillingane frå produsentane. Med små varelager er det fare for at dei som kjøper båt til våren eller sommaren må venta ein månad eller to på å få båten levert.

- Skal du kjøpa båt i år bør du bestilla litt tidleg, i alle fall om du er av den rastlause typen. Og det er mange som blir rastlause når dei først har bestemt seg for ny båt, seier Jonathan.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.