Lokal | 20. juni 2017

Båtførarbevis gav fiskefeber

– Det har tatt litt av, og det blir ikkje verre av fangst som denne, seier Martin S. Nilsen.

Båtførarbevis gav fiskefeber
Markus Fonn Fjæreide og Martin S. Nilsen med torsken på 14 kilo. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 20. juni 2017 12:41

Mens Os jakt- og fiskelag inviterer dei under 16 år til aktivitet på moloen ved Oseana, er ein stor kameratgjeng i 16-årsalderen allereie smitta av fiskefeberen.

– Vi har alltid likt å fiska, men etter at vi førre helg fekk båtførarbevis så har det tatt av, seier Martin Sofron Storvik Nilsen (16) frå Strøno.

– Det var godt å bestå båtførarprøven! Eg har køyrd mykje båt før, men det er enklare no når vi får låna båten til foreldra våre.

Den siste veka har dei vore ute og fiska minst annakvar dag. Fredag blei det ekstra fin fangst.

Tok torsk på 14 kilo

Martin fortel at dei er 10-15 kameratar frå Strøno, Nore Neset, Lysefjorden og Halhjem som er smitta av fiskefeberen.

I båten til foreldra har han stort sett tre kameratar med, og dei beste fangstane blir publisert på Instagram.

– Det handlar heile tida om å ta mest eller størst fisk. Fangsten gir vi til ofreldra våre, nokre liker å eta fisk, andre ikkje.

Fredag blei det ein fangst som var ekstra fin å få publisert.

– Eg og Markus Fonn Fjæreide køyrde rett over fjorden til Austevoll for å fiska nær Sandtorv. Han kasta uti sluken, ein 40 grams raud og gul som han nett hadde kjøpt, men rota samtidig med telefonen og var nok ikkje heilt klar for kva som beit på, fortel Martin.

På ganske grunt vatn beit ein torsk på 14 kilo på kroken.

– Han skvatt litt til, og det blei kamp for å få den opp, men heldigvis klarte han det. Dette er vår største til no, og den har ikkje akkurat gjort at det blir færre fisketurar denne sommaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.