Kultur | 13. sep. 2018

Beatboxing, breakdance og sju konsertar

Laurdag er det 10 timar med ulike kurs og konsertar for ungdom, søndag er det barnebokfestival og «grøss-tur» i Vikjo.

Beatboxing, breakdance og sju konsertar
Hakesleppgaranti: ViVillain er blant sju band som speler på ungdomsfest i Oseana laurdag.
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 13. sep. 2018 09:03

Bildeserie:

Tomine er lista på P3 og klar for Os.
Tomine er lista på P3 og klar for Os.
Oseana satsar: Sjølvaste Myra kjem til U-fest.
Oseana satsar: Sjølvaste Myra kjem til U-fest.
1 av 2
Tomine er lista på P3 og klar for Os.
Oseana satsar: Sjølvaste Myra kjem til U-fest.

I vår gjekk debatten friskt om det eigentleg var eit godt nok tilbod til ungdomen i Os.

På laurdag kan du gå på ungdomsfest. Av ungdom. For ungdom.

Vil du læra beatboxing?

Oseana Kunst & Kultursenter har saman med ei gruppe unge eldsjeler frå Os og Fusa sett saman eit heftig tilbod mynta på ungdom.

Dagen startar med workshops i beatboxing, breakdance og graffiti.

– Plassane på graffiti er allereie tekne, men det er enno plassar på dei to andre kursa seier Veronica S. Halhjem ved Oseana Kunst & Kultursenter.

Solid program som fortener eit stort publikum

I dei nesten 10 timane Oseana opnar huset for ungdomen, er det i tillegg til tak over hovudet ei imponerande rekke med konsertar ein kan få med seg:

Apollo Qult - bergensband som speler rivande, groovy og gal rock. Heftig masse kaffi, brus og ostebriks fra Coop har vore med og forma bandet.

Tomine - ung og spanande bergensartist på veg opp. Mellom anna lista på NRK P3.

Blooming Bruises - hardtarbeidande, fengjande og ikkje minst sjarmerande band frå Fusa.

Trebbel - relativt nytt band med utgangspunkt frå Kongshaug Musikkgymnas. Gjorde det sterkt under årets Eggstokkfestival tidlegare i år.

Vivillain - ein verkeleg «snakkis» i musikkmiljøet på Vestlandet om dagen. Dei som har sett dei allereie melder om hakesleppgaranti. Eit forrykande liveshow, god gamaldags rock i kombinasjon med moderne melodiar har aldri vore ei dårleg oppskrift.

Sleepwalkers - kvintett frå Fusa med røtene godt planta i 80-talet. Etterkvart ei solid merittliste, og no òg å høyra på Spotify med to nye singlar.

MYRA - her er det berre å vera om seg! At MYRA kjem til Ufest er i seg sjølv ein liten sensasjon. Rapper frå Bergen som verkeleg gjer seg bemerka om dagen. Kritikarroste singlar, opptreden på Øyafestivalen saman med Lars Vaular i 2017, Bergenfest i år.

At dama som song «Nystemten» for 10.000 menneske før Cecilia Brækhus boksa på Bergenhus Festning i 2017 no kjem til Oseana fortel litt om kor heftig U-fest 2018 sitt program eigentleg er.

Oppmodinga frå arrangørane er enkel:

– Er du utanfor målgruppa til Oseana U-fest er det berre éin ting å gjera; send ungdomen dit!

– Er du ungdom og i målgruppa; grip tilbodet!

Debutantar i fjor slår seg opp i år

Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg fekk i møte i Bergen Næringsråd i går eit gledeleg gjensyn.

– Der spelte Finding Neo, som var nystarta band av Kongshaug-elevar då dei debuterte på U-fest i fjor. Bandet har utvikla seg vidare, og skal blant anna spela på festivalen Vil Vill Vest i Bergen til helga.

– Dei hadde nok kome langt også utan U-fest, men det er kjekt at denne festivalen både kan by på etablerte namn, og samtidig kan vera ei oppleving av å spela på ein stor scene for eit nyare band, som eit springbrett i karriera, seier Lindeberg.

Barnebokfest på søndag

Den unge helga i Oseana held fram på søndag. I samarbeid med Førdehuset i Sunnfjord vert det skipa Nynorsk Barnebokfestival.

Oseana deltek i festivalen med ei rekkje arrangement. Mellom anna vert det eventyrstund og forteljarverkstad i Borgstova.

I Oseana kan du få med deg dokketeater med Himmelspringaren, bokmerkjeverkstad, skrivekurs og forfattertreff.

Festivalen vert avrunda med kveldsmat i restauranten og «Grøss i Vikjo- for dei som tør!»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.