midtsiden

Beatles-stemning på AMFI

Ville tilstandar då Bjørn Johan Muri gjekk på scenen.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

For tre år sidan spanderte AMFI Os på seg Tone Damli Aaberge til å underhalda på senteret, i år var det igjen klart for eit stort trekkplaster.

- Vi har berre nattope éin gong i året, og no var vi klare for å by på litt ekstra. Det såg verkeleg ut til å slå bra an, seier senterleiar Anne Kristine Tøsdal.

- Bjørn Johan var som han framstår på TV, ein veldig sympatisk og jordnær type. Og han var tålmodig og pratsam med fansen under platesigneringa, som varte i over ein time, legg ho til.

- Høyrte ikkje seg sjølv
Stemninga var høg då klovnen Koko gjekk på scenen klokka 18, endå livlegare, men med noko eldre publikum, då X-Factor-osingen Richard Myhre Gåssand gjekk på scenen i klokka 20.

- Då Bjørn Johan kom klokka 22 kokte det her. Han fortalte sjølv at han ikkje høyrte seg sjølv synga på dei to første låtane, det var rett og slett for mykje liv i publikum, seier Tor Owe Rennemo frå Musikkverket Playcom.

Godt sal og lang signeringsrunde
I skrivande stund er senteret i ferd med å stenga, og Tøsdal har naturlegvis ikkje sluttsummen på omsetnaden i senteret klar.

- Men dei butikksjefane eg har snakka med fortel alle om ein svært god kveld.

Det er med andre ord ikkje berre ung ungdom som har vore innom og fått gratiskonsert denne kvelden.

- Dei har handla ungdomen òg, Muri signerte cd-ar til klokka 23.40, 72 plater gjekk unna på ein time, og hadde han vore på scenen tidlegare på kvelden ville han nok selt endå meir, seier Rennemo.

VIDEO: Sjå snutt av Jimmy, Richard og Bjørn Johan (dårleg lyd på dei to yngste). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy og Benjamin Bruarøy)

Fleire saker