Lokal | 03. juni 2019

Behandla 127 innspel før helga

Høgt tempo og svingande temperatur i plan- og bygningsutvalet sin innspurt med den nye arealplanen.

Behandla 127 innspel før helga
Sjølv om ordutvekslingane kan vera harde, er stemninga munter i pausane i PBU. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmåndag 03. juni 2019 15:21

Sidan i fjor haust har PBU, i tillegg til dei ordinære byggesakene, jobba seg gjennom alle krinsane i Os og sett på senterstruktur, senteravgrensing, offentleg infrastruktur, bustad, næring, fritidsbustader, strandsone og landbruk.

Målet med arbeidet er å få på plass kommunen sin nye arealplan. Å bestemma sentrum i kvar krins er viktig for å legga plan for vidare fortetting, med bustadar i gåavstand frå sentrale funksjonar som butikk, skule og idrettsanlegg.

Det kom inn 11 offentlege fråsegn og 6 private merknadar til planprogrammet. Det kom inn 13 offentlege fråsegn og drygt 250 private innspel til oppstart av planarbeidet.

PBU skal no i ein serie møte sjå ekstra nøye på innspela før planen skal ut på høyring.

Ros og ris

På møtet 24. mai mangla det framleis konsekvensutgreiing (KU-vurdering) frå Asplan Viak på fleire titall saker.

Dette gjorde at utvalet utsette det planlagde møtet måndag 27. mai til onsdagen etter. Dette for at administrasjonen skulle få tid til å førebu KU-vurderingane.

Kommunalplanleggjar i Os kommune, Asle Andaas, kunne fortelja at det framleis mangla ein del KU-vurderingar, men det no var snakk om 10-12 innspel som stod att.

Leiar av PBU, Gustav Bahus (Frp) nytta høvet til å rosa administrasjonen og Andaas for den jobben som hadde blitt gjort med å førebu sakene til onsdagens møte.

Tryggve Lillestøl (Krf) på side fyrte av garde ei verbal salve til utvalet, og då spesielt til posisjonen på motsett side av bordet;

– Eg er uroa over vegen vi går no. Vil vi alle i dette utvalet at senterstrukturen skal gjennom hos Fylkesmannen? Vi stemmer jo mot alle gode faglege tilrådingar!

Lillestøl undra seg òg over om KU-vurderingane var gjort på administrasjonen si tilråding, eller om dei var gjort på grunnlag av tidlegare vedtak i utvalet.

Andaas understrekte at han på spørsmålet til Lillestøl ikkje kunne svara sikkert i kvar einskild sak, men at det var nok tilfelle at nokre av KU-vurderingane hadde ulikt utgangspunkt.

127 saker på knappe sju timar

Utvalet tok så fatt på det 35 sider lange dokumentet som tok føre seg innespel om senterstruktur, bustadområde, spreidd bustadbygging, infrastruktur, næring, naust, fritidsbustad, akvakultur og strandsone.

Nokre saker gjekk gjennom utvalet samrøystes, andre med votering 6-3 eller 7-2, men i stor grad blei avgjerdene fatta med 5 mot 4, altså 3 Frp og 2 H mot 2 Ap, 1 Krf og 1 TVS.

Innspela som framleis manglar KU-vurdering vart samrøystes utsette til neste møte, planlagd 6. juni.

Ein problemfylt epost?

Innspelet som skapte mest usemje og temperatur omhandla ei hytte og eit naust på Notabuholmen.

Espen Aspenes (Frp) tok her ordet og fortalde at han hadde fått reaksjonar frå administrasjonen då hans namn og epostadresse var linka til nettopp dette innspelet.

Han ønska å nytta høvet til å greia ut for si rolle i saka.

Aspenes kunne fortelja at grunneigar hadde bede om hjelp til å få inn innspelet til søknadsfristen gjekk ut, noko Aspenes hadde sagt ja til.

Eposten hadde så gått frå Aspenes vidare til Gustav Bahus, altså leiar av PBU, som hadde sendt den vidare inn til administrasjonen.

Dette fekk Trine Lindborg (Ap) til å reagera kraftig;

– Ser nokon for tette band her?

Administrasjoen ved Asle Andås på side repliserte med at dei ikkje såg noko problem med korleis innspelet kom kommunen i hende.

Terje Sperrevik (TVS) heiv seg på debatten;

– Denne kom heilt fram mot slutten av den utvida fristen. No tek Aspenes dette opp grunna reksjonar frå administrasjonen. Kan vi få sjå denne epost-strengen?

Kristin Søfteland-Larsson (H) kunne fortelja at dei kom til å stemma imot, då dette er ein ubebygd holme, utan at det fekk dempa temperaturen hos opposisjonen særleg.

Gustav Bahus (Frp) ba så om at han ville ha det belyst om det var uriktig av han som leiar å senda inn denne søknaden frå hans epost.

Debatten gjekk så fram og tilbake over bordet før Lindborg (Ap) fekk siste ordet;

– No har vi har fått høyra at søknadshavar var offshore, og difor trong han hjelp til å senda inn søknaden. Internett på ein oljeplattform er vel ikkje mangelvare?

– Kven har eigentleg forfatta denne søknaden, undrast eg?!

Utvalet gjekk til slutt samrøystes inn for å ikkje leggja ut området som hytteområde/ bustad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.