Sport | 03. nov. 2010

Beit på i Bergen

Måndag var Team Bjørnefjorden på fisketur utanfor Bergen sentrum. For Truls Marceliussen blei det ny rekord.

Beit på i Bergen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. nov. 2010 19:21

I april fekk han ei lange på 16,8 kilo på stang, måndag, rett utanfor Bergen sentrum, knuste Truls Marceliussen sin eigen rekord.

- Eg skjønte at den var dagens største fangst, men hadde ikkje trudd at eg skulle få ei lange på over 20 kilo på 40-50-meters djupne rett utanfor sentrum, seier den glade osingen.

Marceliussen var på fisketur med kameratane i NM-laget Team Bjørnefjorden utanfor Bontelabo då beistet beit på kroken.

God kamp
Langa var 20,4 kg tung og kravde sin mann å få om bord.

- Først let eg den ta kroken på eit par turar før eg sette inn rykket. Det tok tid å få den opp, det blei fleire utras på snella før den var i overflata, fortel han.

Egna med makrell
Som NM-deltakarar jaktar ikkje Team Bjørnefjorden berre på stor fisk, store variantar av ulike artar betyr også mykje for å samla poeng.

- Dei to andre, Torry Brakstad og Ronny Holm (som ikkje er del av teamet) fiska etter småfisk, så då tenkte eg at eg ikkje trengte å konkurrera med dei. Men då vi kom inn på grunnare vatn, 40-50 meter, lurte eg på å egna om, men så beit det på.

Truls brukte 7.0 krok egna med ei heil side filetert makrell. Kroken hang i slep etter bom.

- Det som var litt stilig var at eg på neste kast fekk to langer, ei på 11 kilo på slepet og ei på 3 kg på opphenget.

Fekk også hai
Sjølv om fangsten er imponerande er den berre den 7. største som er tatt i årets NM.

- Langeklassen er knallhard i år, eg får berre 3 poeng for den på 20,4 kg. Det som er spesielt er at den er tatt på grunt vatn så nær sentrum.

Marceliussen fekk dessutan ein annan spennande fangst på same plass, ei lita svarthå.

Kan klara topp 3
I april leia Team Bjørnefjorden NM med god margin, no ser det ut til at laget hamnar på 4. eller 3. plass.

- Vi ligg på 4. plass no og må stå bra på for å klara å nå målet, topp 3, før fristen går ut 31. desember i år, seier han.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.