Lokal | 14. juni 2015

Beit seg fast i tommelen til politimann

Ei ung dame er dømt for vald mot offentleg tenestemann.

Beit seg fast i tommelen til politimann
Bergen tinghus. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 14. juni 2015 05:49

Det var ei juninatt i fjor at ei jente på oppunder 20 år sparka ein politibetjent i haka og nasa og beit seg fast i tommelen til ein annan politibetjent.

Bakgrunnen var at tiltalte sjølv ringte politiet då ein gjest etter ein krangel gjekk frå staden, men truga med å kjøra bil, trass i at han ikkje var edru.

Då politiet kom fram var det jenta som blei problemet.

Erkjente ikkje straffeskyld

Jenta forklarte at ho opplevde politiet som masete, og at ho berre ville gå å legga seg, men at dei hadde sperra vegen for ho og lagt ho i bakken.

Ho hugsar ikkje meir før ho vakna på sofaen og blei tatt hand om av ambulansepersonell.

Politibetjentane fortel at jenta hadde lagt seg ned fleire gongar, og at dei var urolege for at ho skulle skada seg då det var glasskor på golvet. Dei hadde då blitt sparka og biten.

Blei dømt til samfunsstraff

Retten fann det bevist at jenta hadde handla med forsett, at ho visste at dei to er polititenestemenn, og nemner at det å vera rusa ikkje ikkje fritar deg for straff.

Ho fekk likevel, grunna dokumenterte helseproblem, mild reaksjon då ho blei dømt til 45 timar samfunnsstraff.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.