Lokal | 12. juni 2017

Bente nominert til Bokslukerprisen

Bente Bratlund er med boka «Svikta» nominert til bokslukerprisen.

Bente Bratlund er nominert til Bokslukerprisen med boka «Svikta» (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 12. juni 2017 08:10

Ved skulestart i august får 200 000 elevar på mellomtrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande skule tekstantologier frå Foreningen!les. I antologiane vil dei finna smakebiter frå eit breitt utval av nyare utgjevingar.

– Vår lesekampanje er veldig populær. Dei er godt etablert i skulen og har kvart einaste år eit høgt og stabilt påmeldingstal. Blant bøkene vi vel ut, skal elevane finna noko for einkvar smak. For oss er det viktig å vise fram bredden og kvaliteten som finst i norsk og oversatte utgivelser innan ulike sjangre, seier Silje Tretvoll, dagleg leiar i Foreningen !les i ei pressemelding.

Når 35 000 elevar

Bokslukerprisen er ein leselystaksjon på 6. trinn som når 35 000 elevar. Denne er ein av dei tre antologiane foreninga står bak. Dei to andre er tXt på ungdomsskulen og Rein tekst som rettar seg mot vidaregåande skule.

Det er ti bøker som er nominert til Bokslukerprisen. Det er elevane i 6. trinn som bestemmer kven som er vinnaren. Dei nominerte er:

Ukjent fare av Jan Tore Noreng, Gyldendal
Lars er LOL av Iben Akerlie, Aschehoug
Verdens verste bursdag av Marius Molaug, Gyldendal
Et hundeliv av Arne Svingen, Gyldendal
Svikta av Bente Bratlund, Mangschou
Egoland av Lars Joachim Grimstad, Aschehoug
Lydighetsprøven av Bjørn Ingvaldsen, Gyldendal
Maretorn av Tone Almhjell, Gyldendal
Ollis av Ingunn Thon, Samlaget
Svart senker natten seg av Aleksander Kirkwood Brown, Omnipax

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.