Politi | 19. okt. 2025

Ber bilførar melda seg etter uhell i Dalen

Skal ha køyrd frå staden etter uhell søndag.

Ber bilførar melda seg etter uhell i Dalen
Bjørnafjorden politistasjon. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 19. okt. 2025 21:22

Søndag i 15.20-tida skal det ha vore eit lite trafikkuhell i Hegglandsdalen.

– Ei kvinne i 30-åra kontakta oss i 16-tida. Ho fortalte om uhellet, og at den andre bilen hadde køyrd vidare, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Bilen hennar har materielle skadar.

– Det er uvisst om kvinna vil melda forholdet, men ber vedkomande kontakta oss, seier politiet.

Laurdag i 10-tida stoppa politiet ein bil med bruksforbod.

– Årsaka var manglande EU-godkjenning. Førar er ein mann i 30-åra. Bilen blei avskilta.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.