Fritid | 22. apr. 2021

Lokkar med 3 millionar: Ber frivillige og firma laga sommarskule

Har fått stort tilskot frå UD, vil ha mange tilbydarar til å laga noko for ungar og ungdom i sommar.

Lokkar med 3 millionar: Ber frivillige og firma laga sommarskule
Kommunen, BOF, Mot og Vidar Øvredal er blant dei som har laga sommarskule og ferietilbod før. Men òg hobby, spel og kunst er invitert.(Arkivfoto: Vidar Øvredal)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. apr. 2021 10:32

Bjørnafjorden kommune har fått tildelt midlar frå Utdanningsdirektoratet for å gjennomføre sommarskule 2021.

– Vi har fått ganske mykje, over 3 millionar kroner, og håper mange har lyst å vera med og laga tilbod, så vi får eit rikt utval å tilby ungane i ferien, seier Per Olav Sørås.

Sommarskulen skal tilby varierte kurstilbod med ulike tema, for eksempel innanfor kunst, dans, musikk, idrett, språk, realfag, teater, mat og helse, handverk, friluftsliv og andre spennande og lærerike tema og aktivitetar.

– Dei som har noko å tilby kan melda seg til oss innan 7. mai. Kursa blir fullfinansierte av oss.

Etter 17. mai kjem utvalet ut og deltakarar kan melda seg på. Men før den tid vil kommune både utvikla nokre kurs sjølv, og koordinera i samarbeid med lokale aktørar.

– Det kan vera lag og organisasjonar, firma og enkeltmannsforetak - frå padling og klatring til det å spela eit instrument eller bli god i sjakk.

Målet med sommarskulen er å tilby kurs med god fagleg aktivitet samtidig som ungane og ungdomane får ein kjekk og sosial møtestad i løpet av sommarferien.

– Kan dette vera ein fotball- eller handballskule, som vi ofte ser i skuleferiar?

– Idrettslaga er inviterte til å delta, men ikkje søka støtte til noko dei har frå før. Det må lagast eit eige kursprodukt, presiserer Sørås.

I dag går det ut brev til både skulane og lag og organisasjonar.

– Vi ønskjer i tillegg å nå ut til små og store firma som har noko dei kan kursa ungdom i.

Dette blir dei bedd om:

  • Set saman ein «kurspakke» med aktivitetar måndag-fredag, i éi eller to veker.
  • De har ansvar for avvikling, mannskap, lønn, politiattest, mat, utstyr og smittevern.
  • Kommunen dekker innkjøp til utstyr etter ulike behov, dersom de melder frå om dette på førehand. Kommunen overtar det innkjøpte utstyret etter kursslutt.
  • Kursa kan bli gjennomført i klasserom, skuleområdet og nærmiljø der ein legg vekt på ei praktisk tilnærming til nye og spennande opplevingar.
  • Sommarskulen er gratis for deltakarane. Tilskotet skal dekke utgifter knytt til nye sommarskuletilbod, eller eit utvida eksisterande tilbod. Tilskotet kan ikkje nyttast til å finansiere eksisterande lokale tilbod tenkt gjennomført i sommar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.