Lokal | 28. mai 2019

Ber om at avgiftsauken vert teken bort

Lesarinnlegg: Os eldreråd og Os sitt Råd for menneske med nedsett funksjonsevne om avgiftsendring for drosjenæringa.

Ber om at avgiftsauken vert teken bort
Lesarinnlegg: Os eldreråd og Os sitt Råd for menneske med nedsett funksjonsevne om avgiftsendring for drosjenæringa. (Foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 28. mai 2019 07:16

Avgiftsendring for drosjenæringa får store konsekvensar for alle som er avhengige av rullestol.

I statsbudsjettet for 2019 vart særfordelar på CO2-utslepp og vekt i eingongsavgifta fjerna.

Dette vart tatt opp i ein reportasje i VG 23.november 2018. Der svarer Finansdepartementet at «avgiftshoppet er et miljøtiltak og at det nå blir mer å spare på å velge en bil med lavt utslipp».

I same artikkel les vi:

«Gjennom omlegging av engangsavgiften i miljøvennlig retning er det de siste årene lagt større vekt på engangsavgiften som et virkemiddel for å stimulere til en mer miljøvennlig bilpark. Lavutslippsbiler bruker også mindre drivstoff, noe som reduserer driftskostnadene. skriver statssekretær Jørgen Næsje (Frp) i en e-post til VG.»

På spørsmål om ikkje dette vil ramme universelt utformede biler/tjenestene for de svakeste hardast, svarar statssekretær Jørgen Næsje at «spesialutstyrte kjøretøy som brukes til transport av funksjonshemmede, antas i stor grad å være busser over 6 meter. Disse er allerede avgiftsfrie og blir ikke berørt av endringene i budsjettet for 2019».

Os eldreråd og Os sitt Råd for menneske med nedsett funksjonsevne er kontakta av representant for den lokale drosjenæringa.

Råda er blitt gjort merksame på dei negative konsekvensane denne avgiftsendringa gjev brukargruppene vi representerer. Det verkar urimeleg at eit slikt miljøtiltak skal belastast ei gruppe, altså rullestolbrukarar som er avhengig av skyss i kvardagen.

Vi viser til vedlagte kommentarar frå to drosjeeigarar på Vestlandet. Her beskriv dei korleis ei slik avgiftsomlegging øydelegg for deira næring, og dei negative konsekvensane dette fører til for brukarane av desse tilrettelagte tenestene.

For å kunne halde fram med å tilby gode tilbod til menneske med nedsett funksjonsevne, er det naudsynt å kunne tilby kjørety av ulik størrelse.

Store køyretøy over 6 meter er ikkje tilstrekkeleg eigna til å kome seg fram i utkantar og på mindre tun, korkje på Vestlandet eller i Nord-Norge. Desse kjøretya kjem ikkje til overalt slik som dei mindre bilane som til dømes Mercedes Sprinter og VW Caravelle. Desse vert registrerte som personbil og kan køyrast med vanleg sertifikat.

For minibuss over 6 meter gjeld andre sertifikatkrav. Det kostar om lag kr. 70.000,- per sjåfør å oppfylla. Reglar om kviletid gjer det naudsynt å ha tilgang på ekstra sjåførar. Dette vil føre til at drosjeselskapa treng ytterlege tilsette eller må redusere det tilbodet dei kan gje brukarane.

Konsekvensane av denne avgiftsendringa er i direkte motstrid til «Leve heile livet»-reforma si målsetting om «Et aldersvennlig Norge» og «Aktivitet og fellesskap».

Rullestolbrukarar i distrikta vil mista tilbodet om å sjølve kunne velja når dei skal hentast og bringast. Tilbodet og mogelegheitene til brukarar av tenesta vil bli sterkt redusert og kostnadane for kvar enkelt betydeleg auka.

Vi ber om at avgiftsauken vert teken bort i samband med revidering av statsbudsjettet 2019.

Pr. dags dato finnast det ikkje utsleppsfrie bilar i denne klassen 8+1, tilbodet om lading ikkje er tilstrekkeleg utbygd i distrikta. Ei slik endring av avgifter må utsetjast til det finnast alternative tilbod om kjørety også i denne klassen.

Os eldreråd og Os sitt Råd for menneske med nedsett funksjonsevne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.