Lokal | 12. des. 2020

Ber om tips etter brann i lastebil

– Merkeleg at den brått tok fyr, synest eigar.

Den 4-5 år gamle lastebilen hadde stått parkert i fleire timar då den brått tok fyr. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 12. des. 2020 10:24

Fredag klokka 23.05 kom det melding om brann i ein bil på Halhjem.

Brannen var i ein liten lastebil som sto parkert inst i Naustvågen. Det var ikkje fare for spreiing til bustad.

Årsaka til brannen er ukjent, og politiet søkte med hundepatrulje i området etter brannen.

– Høyrde eit smell

Lastebilen er berre 4-5 år gamal, fortel eigar. Den hadde stått parkert sidan klokka 16, og eigar har utsikt ned på plassen frå bustaden sin.

– Vi høyrde eit smell, og gjekk ut på altanen for å sjå. Då sto flammane høgt opp, smellet var truleg eit dekk som sprakk.

Dei ringte brannvesenet og sprang ned til lastebilen. Nede ved bilen sto ein nabo som òg hadde varsla brannvesenet.

Bilen brann i over 20 minutt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Det var høge flammar. Sjølv om avstanden til nærmaste bustadar var stor, frykta vi at brannen skulle spreia seg til skuret i nærleiken, eventuelt over vegentil terrenget.

Dei ringte for å høyra om brannvesenet nærma seg. Brannvesenet brukte kort tid på å sløkka då dei kom fram, klokka 23.29 var brannen meldt sløkt.

Har ingen vitne

Politiet seier i dag at dei ikkje har vitne til starten på brannen, eller eventuelle hendingar i forkant.

– Vi ønskjer at eventuelle vitne kontaktar oss, seier politioverbetjent Atle Birkeland.

– Mistenker de at brannen kan vera påtent?

– Det er for tidleg, men alt av informasjon kan hjelpa på.

Eigar høyrde på ulykkesstaden at nokon skal ha sett at den eine bildøra var open før brannen braut ut. Sjølv køyrde han forbi bilen i 21-tida, og då va begge dørene igjen.

Han synest dessutan at det er rart at det byrja å brenna i ein så ny bil, som har stått parkert i fleire timar.

Fronten på bilen er heilt utbrent. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.