Politi | 18. nov. 2025

Ber om tips etter hærverk: – Eg vil i dialog med vedkomande som står bak.

Skulle skifta eit knust glas i Postvegen, oppdaga yttarlegare tre knuste ruter.

Ber om tips etter hærverk: – Eg vil i dialog med vedkomande som står bak.
Måndag kveld var Rune Walle i Postvegen for å erstatta ei knust rute. Då var allereie fleire glas knust. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 18. nov. 2025 11:09

Dei siste vekene har det vore fleire tilfelle av hærverk i bygda, både i Os sentrum, på Kuventræ og på Lunde.

Sølvi Walle, som bur i den staselege villaen med den store hagen midt på Osøyro, fortviler etter fleire tilfelle av ruteknusing.

Delar av gjerdet ho har mellom hage og Postvegen har vindauge. No manglar fleire.

– Det første blei knust for knappe to veker sidan. Det såg ut som eit kulehol. Eg ringte politiet og sendte bilde, men eg lurte på å ikkje melda det. Eg reknar med at det blir henlagt uansett.

Dette bildet blei tatt 4. november. Foto: privat
Dette bildet blei tatt 4. november. Foto: privat

– Men det er kostnadar med dette, i tillegg blir det mykje styr med å få det fiksa.

I staden ringte ho ein av sønene, Rune, så han kunne setja inn nytt glas.

– Først brukte eg ein heil laurdag på å rydda glasskor og laga nye profilar til nytt glas. Når eg kjem her i dag for å setja ny rute inn, så er yttarlegare tre ruter knuste.

I helga blei fleire ruter knuste. Foto: privat
I helga blei fleire ruter knuste. Foto: privat

No ber han om tips, han vil ha namnet på den som står bak.

– Eg tar det i første omgang ikkje vidare med politiet, det er begrensa kva dei kan gjera. Mi erfaring er at direkte dialog med gjerningspersonen fungerer langt betre.

– Eg har drive butikk i Os sentrum før. Det hendte at den var utsett for både tjuveri og hærverk. Dei gongane eg fekk veta kven som sto bak, løyste det seg greit etter ein prat.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.