Lokal | 20. mars 2012

Ber om tips om mørk bil

– Kjørte du forbi Søfteland rundt klokka 00.30 i natt?

Ber om tips om mørk bil
(Foto: Kari Marie Austevoll)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 20. mars 2012 13:24

Politiet etterforskar nok eit innbrot på Joker på Søfteland.

Les òg: Gjennom veggen - igjen!

Krimteknikarar har i dag vore på staden for å sikra spor etter at nokon har slått seg gjennom ein murvegg med slegge.

– Det har kome inn tips om ein mørk bil som blei observert i området rundt klokka 00.30, fortel politibetjent Tom Johannessen.

Bilen skal ha stått på busshaldeplassen vis a vis butikken. Naboar skal også ha høyrt bankelydar på denne tida.

– Vi håper på å få yttarlegare informasjon om denne bilen, eller om rørsler i dette området mellom midnatt og klokka 1 i natt, seier Johannessen.

Har du tips? Du når politiet på 56303900.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.