Lokal | 24. apr. 2020

Ber ungar slutta å klatra på taket

– Det er bygd for verken aktivitet eller opphald, seier lensmannen.

Ber ungar slutta å klatra på taket
I går var det igjen klatring på taket på gymnastikksalen til Os barneskule. (
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. apr. 2020 07:27

Politiet fekk i går melding om ungar eller ungdom som klatra på taket på gymsalen til Os barneskule.

– Vi møtte ingen av dei i går, men dette er noko vi har hatt problem med tidlegare år òg, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

– Eg håper det blir slutt på denne klatringa. Ungane risikerer å skada seg, og og dei risikerer at taket blir skadd. Det er ikkje meint for aktivitet eller opphald.

Politiet var i går på patrulje for å sjå etter større samlingar av ungdom, som har vore meldt om frå både naboar til bryggene i Os hamn og naboar til volleyballbanen på Lunde barneskule.

Det såg bra ut i går, og politiet fortel om positiv dialog med dei dei møtte. Det var òg noko kaldare enn kveldane før, men vi kan jo håpa at fokus i media har hatt litt effekt.

  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.