Kultur | 18. sep. 2016

Berg-Olsen gir seg i Osfest

Ole Reinert Berg-Olsen trekk seg som dagleg leiar og opnar for nytt styre.

Berg-Olsen gir seg i Osfest
Ole Reinert Berg-Olsen (t.v.) og Tor Egil Hylland i 2013 ved den komande plasseringa av hovudscenen, året før første festival. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. sep. 2016 21:30

I ei pressemelding i slutten av august fortalte Osfest AS om markant nedgang i billettsalet og om forhandlingar med kreditorar.

Fredag 16. september trekte Ole Reinert Berg-Olsen seg som dagleg leiar og styremedlem i selskapet som har arrangert dei til no tre festivalane.

– Det er ikkje noko dramatikk i dette, det var heile tida planen at eg berre skulle vera engasjert i tre år, seier musikaren, som òg har vore bookingansvarleg desse åra.

– Eg har familie og musikkarriere å ta omsyn til. Å driva festival er altoppslukande, men det går greit å jobba dobbelt opp så lenge det er for ein periode. Eg ser fram til både å driva studio, skriva låtar og å dra teiner med toåringen utan at telefonen ringer i ett sett.

– No ser det ut som om vi er nærmast i mål med kreditorane, at festivalen klarer seg, og då var eg klar for å tre av.

Vil ha nytt og større styre

Berg-Olsen seier Osfest no har blitt så stor at festivalen bør drivast av fleire enn to personar.

– Det var ikkje så mange fleire gjestar vi skulle hatt for at det hadde gått bra i år òg.

– Ved å tre til side gir eg rom for andre, både i styre, drift og booking. Det har vore greit å vera to i starten, for å få raske avgjerder, men festivalen er no så stor at ei større gruppe bør leia denne.

– Er det sjanse for at du får ei anna rolle i festivalen?

– Eg kjem nok til å hjelpa til om nytt styre ønskjer, blant anna kan eg bidra med nettverket eg har, eller som frivillig.

Styreleiar visste ikkje

Styreleiar Tor Egil Hylland var ikkje klar over at Berg-Olsen hadde trekt seg då Midtsiden tok kontakt søndag kveld.

– Han har snakka om det, men eg visste ikkje at det var registrert. Eg ville helst sett at han gjorde det i samband med ei ekstraordinær generalforsamling, at vi fekk nytt styre inn og at det ikkje framstår som at det er noko dramatisk.

– Men det er ikkje noko problem at han går av. Vi har fleire frå dei frivillige, blant anna ulike teamleiarar, som ser ut til å stå klare til å engasjera seg endå meir for Osfest, seier Hylland.

Berg-Olsen svarer at han han sendt varsel om at han trekk seg, men at dette gjerne ikkje har blitt oppfatta som eit formelt varsel av partnaren.

– Kva med aksjane dine, du eig 50 prosent av Osfest AS?

– Det har eg rett og slett ikkje tenkt på, men det er uansett eit AS du ikkje kan ta utbyte frå, så vi får sjå kva vi formelt gjer med desse.

Ser bra ut for 2017

Hylland seier han er i mål med rundt 70 prosent av kreditorane, som alle skal få pengane sine, men med utsett betaling av delar av beløpet festivalen skuldar.

– Eg har jobba dag og natt sidan festivalslutt for å få ein så god som mogleg dialog med alle. Blant kreditorane er òg artistar, og med enkelte management er dialogen endå betre enn før, og vi har allereie byrja å snakka om artistar for 2017, seier Hylland.

– Alt tyder på at det blir Osfest også i 2017.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.